Rave On
Rave On Singel av Buddy Holly frå albumet Buddy Holly | ||
B-side |
«Take Your Time» | |
---|---|---|
Utgjeve | 20. april 1958 6. juni 1958 (Storbritannia) | |
Innspelt | 25. januar 1958, Bell Sound Studios, New York City | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 1:47 | |
Selskap | Coral 9-61985 Coral Q 72325 (UK) | |
Låtskrivar(ar) | West-Tilghman-Petty | |
Produsent | Milton DeLugg | |
Buddy Holly-kronologi | ||
«I'm Gonna Love You Too» (1957) |
Rave On | «Early in the Morning» (1958)
|
«Rave On» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty i 1958. Han vart først spelt inn av West for Atlantic Records, som gav ut sin versjon i februar 1958.[1] Buddy Holly spelte inn songen seinare det same året, og hans versjon vart ein hit. Det er ein av dei seks innspelingane hans som gjekk inn på salslista i 1958.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Dei fleste av Holly sine innspelingar var produserte av Norman Petty, som òg var manager for Holly, og dei spelte inn musikken i studioet til Petty i Clovis i New Mexico. «Rave On» vart derimot produsert av Milton DeLugg og spelt inn i New York City. Tittelen var inspirert av Sun Records-innspelinga «Dixie Fried» av Carl Perkins frå 1956, der «rave on» vert nytta i refrenget. B-sida til Holly-singelen var «Take Your Time».
Holly si utgåve av «Rave On» er rangert på 155. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Første utgåve
[endre | endre wikiteksten]- «Rave On»
- «Take Your Time»
Tysk utgåve
[endre | endre wikiteksten]Som Buddy Holly and the Crickets
- «Rave On»
- «Ready Teddy»
EP (britisk)
[endre | endre wikiteksten]- «Rave On»
- «Take Your Time»
- «Early in the Morning»
- «Now We're One»
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Coverversjonar av «Rave On» har blitt spelt av Bruce Springsteen and The E Street Band, Commander Cody, Status Quo, M. Ward og folkrockbandet Steeleye Span. Han vart ein hit for The Delta Cross Band i Danmark i 1980.
- Joe Meek produserte ein versjon med songaren Michael Cox, som kom ut i 1964.
- John Mellencamp spelte inn ein versjon av songen for filmen Cocktail i 1988.
- The Real Kids spelte inn ein versjon i 1977.
- Nitty Gritty Dirt Band spelte inn ein versjon i 1970 for albumet Uncle Charlie & His Dog Teddy.
- Steeleye Span spelte inn ein versjon som etterlikna Buddy Holly i 1971 på albumet Please to See the King.
- M. Ward spelte ein versjon av songen i 2009 for albumet Hold Time.
- Denny Laine, gitaristen for banda Wings og Moody Blues, spelte ein versjon av songen for hyllestalbumet hans til Holly i 1977, Holly Days, som var produsert av Paul McCartney.
- Marshall Crenshaw framførte songen på konsertar og eit konsertopptak kom ut på konsertalbumet hans Marshall Crenshaw.
- Julian Casablancas spelte inn ein versjon av songen for hyllestalbumet Rave On Buddy Holly i 2011.
- Cliff Richard spelte inn ein versjon av songen i 2013 for albumet The Fabulous Rock 'n' Roll Songbook.
- Terry Manning spelte ofte songen på konsertane sine og eit konsertopptak kom ut på ei seinare utgjeving.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rave On» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Amburn, Ellis (1996). Buddy Holly: A Biography. St. Martin's Press. ISBN 978-0-312-14557-6.
- Bustard, Anne (2005). Buddy: The Story of Buddy Holly. Simon & Schuster. ISBN 978-1-4223-9302-4.
- Dawson, Jim; Leigh, Spencer (1996). Memories of Buddy Holly. Big Nickel Publications. ISBN 978-0-936433-20-2.
- Gerron, Peggy Sue (2008). Whatever Happened to Peggy Sue? Togi Entertainment. ISBN 978-0-9800085-0-0.
- Goldrosen, John (1975). Buddy Holly: His Life and Music. Popular Press. ISBN 0-88637-018-0.
- Goldrosen, John; Beecher, John (1996). Remembering Buddy: The Definitive Biography. New York: Da Capo Press. ISBN 0-306-80715-7.
- Gribbin, John (2009). Not Fade Away: The Life and Music of Buddy Holly. London: Icon Books. ISBN 978-1-84831-034-6
- ↑ «RHOF Inductee: Sonny West». Rockabillyhall.com. 21. mars 1997. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 10. februar 2018.
- ↑ «Rock List Music». Henta 10. februar 2018.
156: «Proud Mary» Creedence Clearwater Revival |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 155 «Rave On» Buddy Holly |
154: «A Hard Day's Night» The Beatles |
- Rockabilly-songar
- Buddy Holly-songar
- Songar frå 1958
- Singlar frå 1958
- Songar produserte av Joe Meek
- Songar skrivne av Norman Petty
- Songar skrivne av Sonny West
- Coral Records-singlar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Waylon Jennings-songar
- Nitty Gritty Dirt Band-songar
- Steeleye Span-songar
- Showaddywaddy-songar
- New Jordal Swingers-songar
- Rick Nelson-songar
- Wanda Jackson-songar
- John Cougar Mellencamp-songar
- Connie Francis-songar
- Hank Marvin-songar
- Billy Swan-songar
- Bobby Vee-songar
- Status Quo-songar
- Cliff Richard-songar