Raundalen kyrkje
Raundalen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: PerPlex | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Voss | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Raundalen | ||
Fellesråd | Voss | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Haldor Larsen Børve[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1921[1] | ||
Stopul | Truleg frå kring 1905 | ||
Takryttar | Midt over skipet | ||
Skip | Treskipa | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja, innvigd 1905 | ||
Altartavle | Frå 1952 av Lars Osa | ||
Sitjeplassar | Om lag 125[1] | ||
Raundalen kyrkje 60°40′38″N 6°37′50″E / 60.67722222°N 6.63055556°E | |||
Wikimedia Commons: Raundalen kirke |
Raundalen kyrkje står på Øyeflaten i Raundalen i Voss herad i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1921.
Ho er teikna av Haldor Larsen Børve og er bygd i tre. Veggane er i bindingsverk kledd med panel og trestolpar (søyler) i kyrkjerommet ber midtskipsveggane. Kyrkja er treskipa med forhøga midtskip. Sideskipa har form noko nær ein omgang. Dette gjev kyrkja eit preg som fører tanken til stavkyrkjene.[1][2]
Kyrkja er den fyrste på staden. Før dei fekk henne sokna folk i området til Vangskyrkja på Vossavangen.
Altertavla
[endre | endre wikiteksten]Altertavla er måla av Lars Osa og syner Jesu gravlegging. Målarstykket er frå 1952. Før denne tavla kom på plass var det ein utskoren trekross i ramme som tente som altertavle.
Gravstad
[endre | endre wikiteksten]Gravstaden i Raundalen vart teken i bruk i 1905. Klokkestøpulen som står ved kyrkja er truleg frå same tida og såleis eldre enn kyrkja.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norges Kirker: «Raundalen kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking[daud lenkje]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Norges Kirker: «Raundalen kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning». Vitja 20. april 2009
- ↑ Hoff, Anne Marte: Raundalen kyrkje, Norges kirker, lese 4.9.2014
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Om Raundalen sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Voss kommune på nettstaden disnorge.no
- Raundalen kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Raundalen kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.