Raudkroneparakitt
Raudkroneparakitt | |
Raudkroneparakitt Foto: Sid Mosdell
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Slekt: | Cyanoramphus |
Art: | Raudkroneparakitt C. novaezelandiae |
Vitskapleg namn | |
Cyanoramphus novaezelandiae |
Raudkroneparakitt, Cyanoramphus novaezelandiae, er ein langhala og hovudsakleg grøn parakitt som er stadeigen til New Zealand og kan først og fremst treffast på Stewart Island/Rakiura og på predatorfrie småøyar ved hovudøyane.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Raudkroneparakitt er ein liten til mellomstor parakittart, hannfuglar ca. 28 centimeter i lengd og med kroppssvekt på 50 gram, og hofuglar 25 cm og 40 g. Fjørdrakta er klår grøngul med raud panne, raud band frå nebb og eit stykke bak auga, samt ein raud flekk på undergumpen. Halen er relativt lang.
Desse fuglane er utrydda på hovudøyane[1] eller svært sjeldan observert på Sørøya, på Nordøya fåtalig i fjellrekkja Ruahine Range og i Northland og nokre få andre stader,[2] men han er vanleg på Stewart Island og på mange andre mindre øyar. Det finst ein underart på Chatham-øyane og ein annan på Kermadec Islands.
Raudkroneparakitten finn føde oppe i trekroner og nede på bakken, dietten består av frø og frukt, dei et òg anna plantekost som blomar, planteskot, nektar og animalsk føde som virvellause dyr og daude dyr.
Dette er standfuglar som kan flytte seg mellom øyar, dei lever parvis eller einslege, om vinteren òg i små flokkar. Paret hekkar i hòle tre, i fjellsprekker eller hòler i bakken eller mykje tett vegetasjon. Kulla er store, rundt 7 egg som blir klekt etter ca. 23 dagar. Hoa rugar aleine, men hannfuglen tar del i å skaffe føde til hoa under ruginga og til ungane.
Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til 21 300-25 300 i individ (1999), og er trudd å vere minkande.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Cyanoramphus novaezelandiae Arkivert 2012-10-02 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. oktober 2012