Rasmus Langeland
Rasmus Langeland | |||
Fødd | 8. februar 1873 Sunnylven kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. august 1954 (81 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Olav Rasmussen Langeland | ||
Alle verv |
|
Rasmus Olsen Langeland (8. februar 1873–1954), fødd i Sunnylven, var ein norsk gardbrukar og politikar frå Bondepartiet. Han sat på Stortinget for Møre frå 1922 til 1945, og var arbeidsminister 1931–1933.
Langeland blei innvald i Borgund heradsstyre i 1913, og sat fram til 1922. Same året blei han stortingsrepresentant, og sat fram til 1945. Langeland sat først i Lønningskomiteen i to periodar, før han gjekk over til Jernbanekomiteen. Han sat deretter i Finans- og tollkomiteen og i Skog- og vassdragskomiteen.
I regjeringane Kolstad og Hundseid 1931–1933 var Langeland arbeidsminister. Han var også Bondepartiet sin nestformann 1930–1935.
Rasmus Olsen Langeland var far til Olav Rasmussen Langeland, som følgde i faren sitt politiske fotspor som stortingsrepresentant.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Rasmus Olsen Langeland». Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Henta 2010-06-24 / 2017-07-05.
- Einskildmenn
- Fødde i 1873
- Døde i 1954
- Norske arbeidsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Kolstad
- Statsrådar i Regjeringa Hundseid
- Senterpartistatsrådar
- Stortingsrepresentantar frå Sp
- Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal
- Stortingsrepresentantar 1922-1924
- Stortingsrepresentantar 1925-1927
- Stortingsrepresentantar 1928-1930
- Stortingsrepresentantar 1931-1933
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Folk frå Stranda