Rasmus
Utsjånad
Rasmus er eit mannsnamn som stammar frå det latinske namnet «Erasmus», som tyder 'verd å elske'. Rasmus har namnedag 3. juni.
Utbreiing gjennom tre hundreår:
- I 1801 var det etter folketeljinga om lag 4 600 som heitte Rasmus.
- I 1900 var det etter folketeljinga vel 5 600 som heitte Rasmus.
- I 2007 var det nær 1 360 med namnet Rasmus.
I 1801 og 1900 var det og nær 10 personar som vart manntalsførte med namnet Erasmus, men denne skrivemåten er knapt bruka i dag.
Kjende namneberar
[endre | endre wikiteksten]- Rasmus Ingebrigtsson på Myklebust, norsk bondeopprørar
- Rasmus Jakobsson Vassbotn (1749-1821), norsk dagbokforfattar
- Rasmus Leganger (1776-1851), norsk stortingsmann
- Rasmus Rasmusson Viland (1778-1837), norsk stortingsmann
- Rasmus Rask (1787–1832), dansk språkvitar
- Rasmus S. Aarflot (1792-1845), norsk stortingsmann
- Rasmus Nielsen (1809-1884), dansk filosof
- Rasmus R. Aarflot (1829-1888), norsk stortingsmann
- Rasmus Flo (1851-1905), målmann
- Rasmus Meyer (1858-1916), norsk forretningsmann og mesen, gav den store kunstsamlinga si til Bergen kommune
- Rasmus Sindre (1859-1908), norsk stortingsmann
- Rasmus Løland (1861-1907), norsk forfattar.
- Rasmus Olai Steinsvik (1863-1913), norsk målmann og forfattar
- Rasmus Rasmussen (1871-1962), færøysk forfattar
- Rasmus Olsen Langeland (1873-1954), norsk stortingsmann
- Rasmus Buset (1891-1965), norsk museumsmann
- Rasmus Fleischer (f. 1978), svensk debattør for piratrørsla
Annan bruk av namnet
[endre | endre wikiteksten]- Kjartan Fløgstad skreiv boka Rasmus i 1974.
- Astrid Lindgren har skrive om Rasmus på loffen.
- Ludvig Holberg har skrive skodespel om Rasmus Berg som vart student under namnet Erasmus Montanus.
- The Rasmus er ei finsk popgruppe.
- Innan sjøfart har «Rasmus» blitt nytta som eit synonym for havet, og særskild i samband med grov sjø der høge bølgjer slår inn på dekk eller inn ventilar på ein båt.[1]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Rasmus hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka 1991: Namneboka (Det Norske Samlaget)
- Folketeljingar på Digitalarkivet
- ↑ «rasmus» i Nynorskordboka, arkivert frå originalen 7. mars 2016, henta 6. november 2015