Ranværing
Ranværing(smål) eller Nord-helgelandsk er dei tradisjonelle nordnorske målføra på indre Nord-Helgeland, i området kring Ranfjorden, i Hemnes kommune, i Elsfjord sokn i Vefsn kommune, og sør i Beiarn kan òg dialekta reknast som ranværing, i og med at mange av gardane der vart rydda av folk frå andre sida av Saltfjellet. Dialekta har overraskande mange austlege preg, noko som skil det frå vefsnmålet i sør, som har fleire vestnorske målmerke. Då Norsk Jernverk opna i Mo i Rana på 50-talet, førte det til mykje innflytting. Dialekta kom i kontakt med andre dialekter, og mange av særprega fall bort. Det er difor det i dag er so stor skilnad på målet kring byen og målet i tettstadene og bygdene inne i landet.
Målmerke
[endre | endre wikiteksten]Dialekten framstår tydeleg som ein nordnorsk dialekt, med
- Høgtone. Tonefallet byrjar høgt, og dett mot slutten av setninga.
- Halvhogging (apokope). Tonlette stavingar fell bort i ymsande mon.
- Fleirtal av inkjekjønnsord har endinga -an: husan, eplan
- J-klang (palatalisering) av n, l, t og d i visse samanhengar.
Sjølv om nordnorske målføre oftast vert rekna blant vestnorske målføre, har ranværingsmålet fleire austnorske målmerke enn det som er vanleg i nordnorsk elles.
- Tjukk-l av både rd og l, slik at orda stol og bord rimer.
- Spor av jamvektregelen både i sterke hankjønnsord og i infinitiv.
Uttale
[endre | endre wikiteksten]Ranværingsmålet har ein del "mellomvokalar" i ulike samanhengar. Vokalen ò vert ofte skildra som "ein ø som går mot å". Døme på vokalen finst i setninga lòppa hòppa i tròppa. Målføret har ein annan vokal som ofte vert avteikna med œ, og er skildra som "en ø som går mot æ". Han finst i setninga båt'n sœkk i rœk og fœk. Før palatale ljodar er det vanleg at o-vokalen vert diftongisk, t.d. tròullj og òunnj (nn. troll og onn). Ljoden som er avteikna med -ggj- ymsar mykje i dialekta. I sør fell han ofte i hop med kj-ljoden, medan han held seg som ein slags palatal d i nord. Difor heiter det helst veddje for "vegger" i Nord-Rana, men vekje i sør.
Verb
[endre | endre wikiteksten]Det tradisjonelle målet har spor etter kløyvd infinitiv. Det vil seia at verb som på gamalnorsk hadde kort vokal og kort konsonant i rotstavinga (t.d. vita, baka, moka, fara) held på a-endinga, medan alle andre verb har apokope i infinitiv (t.d. hør', finn', kast', frå gn. høyra, finna, kasta). Døme på verb med kløyvd infinitiv i ranværingsmålet er å prata, å raga (sjangla), å moka, å vea (vassa), å bala (streva, arbeida), å veta, å svesa (fara med laust snakk). I det meste av dialektområdet, med unntak av Nord-Rana, vert tonlett -a i stavingsutljod uttala som ein slags -æ, ofte skrive -ä i ljodskrift.[1] Denne uttalevarianten av a-lyden finn ein att i vefsnmålet.
I sterke verb ser ein ofte eit samanfall mellom formene i infinitiv og presens, t.d. å fer (av å fara), å søv (av å sova). Elles vert sterke verb jamnt over bøygde som i standard nynorsk, utan ending i presens og med e-ending i supinum. I supinum vil vi likevel finne avvikande former som lie for 'lege' og føre for 'fare'.
Eit særdrag som ranværingsmålet ser ganske åleine ut om å ha, er at notidendinga i a-verb fell bort i notid; han kast' (nn. han kastar). Jamvektsord derimot, held stundom på endinga. Eit anna drag som er nokso særeige er at dei st-verba som har eit tilsvarande grunnverb med a-bøying, har vorte omtolka som a-verb sjølve. Døme på det er å samlest - samlesta og å jamnest - jamnesta.
Infinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum | |
---|---|---|---|---|
Sterke verb | å far/fær | fær | fór | ha føre |
å tugg | tugg | tòugg | ha tòddje (sør: tåkje) | |
A-verb | å kast | kast | kasta | ha kasta |
å moka | moka | moka | ha moka | |
E-verb | å hør | hør | høul | ha høurt |
å byddje | byddje | bøgd | ha bøgd |
Substantiv
[endre | endre wikiteksten]Substantivbøyinga liknar mykje på nynorsken i dag, med få unntak. Inkjekjønnsord som i ubunden eintal endar på vokal (t.d. snøre, auga) får same fleirtsalsbøying som hankjønnsorda. Det er òg vakling i bortfallet av vokalar i bøyingsmønstera. I sør er det vanleg at fleirtal av ord som oter vert otra, men i nord vert det helst otera.[1]
Eintal | Fleirtal | |||
---|---|---|---|---|
ubunden | bunden | ubunden | bunden | |
Hankjønnsord | hæst | hæstn | hæsta | hæstan |
søu | søuen | søue | søuen | |
lærar | lærarn | lærera | læreran | |
Hokjønnsord | ælv | ælva | ælve | ælven |
jømmer | jømm(e)ra | jømm(e)re | jømmern | |
visa | visa | vise | visn | |
Inkjekjønnsord | ægg | ægge (sør: ekje) | ægg | æggan |
snøre | snøre | snøra | snøran | |
øue | øue | øua | øuan |
Restar av dativ kan enno høyrast i ordtak og faste vendingar, t.d. han far e på låva, der låva er dativforma av låven.
Sermerkte ord
[endre | endre wikiteksten]Somme substantiv har anna kjønn enn bokmål:
- ein nebb (sjeldan), ein fjøs, ei lae, ei famn, eit kai.
Eit typisk ranværingsord er t.d. kørv for "gut"[2]
Pronomen
[endre | endre wikiteksten]Subjekt | Objekt | Eigedom | ||
---|---|---|---|---|
1p. Eintal | eg | meg | minnj, mi, mena | |
2p. Eintal | du | deg | dinnj, di, sena | |
3p. Eintal | Hankjønn | han, hannj | hanjs | |
Hokjønn | ho | ho, hinnja | hinnjers, hennes | |
Inkjekjønn | de | de | ||
1p. Fleirtal | vi | åss | våres | |
2p. Fleirtal | Vanleg | dåkk | dåkk | dåkkers |
Vyrdeleg | I | Ør | Ørs | |
3p. Fleirtal | di, dæm | dæm, di | deres, dæmmers |
Bruken av pronomen ymsar i dialektområdet. I Hemnesberget heiter det helst alltid dæm i subjekt og objekt og dæmmers som eigeform. I eldre mål var pronomenet I - Ør - Ørs bruka i høfleg tiltale, t.d. var det vanleg folkeskikk at ein bruka pronomenet i tale med besteforeldra sine.
Spørjeord
[endre | endre wikiteksten]- ke (kva)
- kem (kven)
- ker (kor)
- kefør (kvifor)
- keless’n (korleis)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hallfrid Christensen i Axel Coldevin: Rana bygdebok bind 1 (1964)