Ramat Gan
Ramat Gan | |||
רָמַת גַּן, רָמַת־גַּן | |||
by | |||
Ramat Gan med Moshe Aviv-tårnet og Diamantbørs-distriktet
| |||
|
|||
Namneopphav: Hagehøgdene | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Tel Aviv distrikt | ||
Del av | Israeli coastal plain | ||
Koordinatar | 32°05′N 34°49′E / 32.083°N 34.817°E | ||
Areal | 12,214 km² | ||
Folketal | 145 000 (2009)[1] | ||
Folketettleik | 11 872 / km² | ||
Grunnlagd | 1921 | ||
• Bystatus | 1950 | ||
Borgarmeister | Yisrael Zinger | ||
Ramat Gan 32°04′12″N 34°49′25″E / 32.070007°N 34.823541°E | |||
Kart som viser Ramat Gan.
| |||
Wikimedia Commons: Ramat Gan | |||
Nettstad: www.ramat-gan.muni.il |
Ramat Gan (hebraisk: רָמַת גַּן eller רָמַת־גַּן) er ein by i Tel Aviv distrikt i Israel, like aust for Tel Aviv. Her ligg ein av dei store diamantbørsane i verda, mange høgteknologiske føretak og den høgaste bygningen i Israel, Moshe Aviv-tårnet.
Ramat Gan vart grunnlagd i 1921 som ein moshava, eit gardsbruk drive av felleskapet. Mot slutten av 2009 var folketalet 145 000.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ramat Gan vart grunnlagd av Ir Ganim-samskipnaden[2] i 1921 som ein drabantby for Tel Aviv. Dei første tomtane vart kjøpt mellom 1914–1918.[3] Busetnaden var først ein moshava, ein sionistisk jordbrukskoloni som dyrka kveite, bygg og vassmelonar.[4] Namnet på busetnaden vart endra til Ramat Gan i 1923. Busetnaden var ein moshav fram til 1933, men han fekk status som lokal kommune alt i 1926. På denne tida hadde han 450 innbyggjarar. I 1940-åra vart ei slagmark i språkkrigen til landet: Ei jiddiskspråkleg prentepresse i Ramat Gan vart sprengd av hebraiske språkekstremistar.[5]
I løpet av åra har økonomien endra seg frå jordbruk til handel og industri. I 1946 var folketalet vokse til 12 000.[3] I 1950 fekk Ramat Gan bystatus. I 1955 var folketalet på 55 000. Den førte borgarmeisteren var Abraham Krinizi, som hadde denne stillinga i 43 år. I 1961 vart kommuneområdet utvida austover, og omfatta området som i dag inkluderer Sheba medisinsentral i Tel Hashomer og Bar Ilan universitet. I 1968 vart den største diamantbørsen opna i Ramat Gan.[3]
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Ramat Gan ligg i Gush Dan storbyområde aust for Tel Aviv. Han grensar i nord til Yarkonelva og i aust til Bnei Brak. Giv'atayim ligg i sørvest.[4]
Ramat Gan får kring 500 mm nedbør i året og ligg 80 meter over havet.[4] Han er bygd på ein kalksteinsås.[6] Ramat Gan omfattar Nasjonalparken som dekkjer kring 1 900 mål, og Davidparken i bydelen Merom Naveh.[7]
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Maccabiah-spela vert halde i Ramat Gan kvart fjerde år. Ramat Gan stadion er nasjonalstadionet til Israel med plass til 41 583 innbyggjarar. Dette er det største stadionet i landet. Hakoah Amidar Ramat Gan og Hapoel Ramat Gan, som begge spelar på Winter stadion, er dei største fotballklubbane i landet, og har begge vunne meisterskap tidlegare. I basketball spelar Ironi Ramat Gan i den øvste divisjonen.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Ramat Gan er venskapsby med: [8]
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ramat Gan» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2015.
- ↑ 1,0 1,1 «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. June 30, 2010. Henta 6. juli 2015.
- ↑ «Ramat Gan i Israel». Henta April 6, 2008.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Ramat Gan». Jewish Virtual Library. Arkivert frå originalen 17. juli 2011. Henta April 6, 2008.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «General Information». Ramat Gan Municipality. Arkivert frå originalen March 27, 2008. Henta April 6, 2008.
- ↑ Pilowsky, A: «Yiddish Along_side The Revival of hebraiske Public Polemics on the Status of Yiddish in Eretz Israel, 1907–1929», Readings i Sociology of Jewish Languages, page 123. Josva Fishman ed, Leiden – E.J. Brill, 1985.
- ↑ «Ramat Gan». Henta April 6, 2008.
- ↑ «Parks & Safari». Arkivert frå originalen March 17, 2008. Henta April 6, 2008.
- ↑ https://web.archive.org/web/20090801131221/http://www.ramat-gan.info/RamatGan/sister-cities/. Arkivert frå originalen 1. august 2009. Henta 5. september 2015. Missing or empty
|title=
(hjelp) - ↑ <name="Phoenix sisters">«Phoenix Sister Cities». Phoenix Sister Cities. Arkivert frå originalen 26. august 2015. Henta August 6, 2013.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Strasbourg, Twin City». Strasbourg.eu & Communauté Urbaine. Arkivert frå originalen July 28, 2013. Henta 21. august 2013.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities».[daud lenkje]
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. februar 2014. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 18. januar 2012. Henta 5. september 2015.
- ↑ «Ramat Gan Sister Cities». Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 5. september 2015.