Ragarock
Ragarock | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Midten av 1960-åra i Storbritannia og USA | ||
Typiske instrument | |||
Avleidde former |
Ragarock er rock eller pop med ein kraftig indisk påverknad, anten i oppbygginga, klangfargen eller i bruk av instrument som sitar og tabla. I nyare tid har musikkforskarar òg inkludert britisk rockemusikk frå 1960- og 1970-åra som nyttar sørasiatiske musikkelement og instrument som ein del av ragarocken.
Ragarock vert ikkje normalt rekna som ein spesifikk musikksjanger, men heller eit generelt aspekt av all rock som har ein tydeleg påverknad av indisk klassisk musikk. Sidan dei indiske elementa hovudsakleg er avgrensa til rock i 1960-åra, er det meste av ragarocken òg avgrensa til denne tida, men ein finn òg rock som er kraftig påverka av indisk musikk etter 1960-åra.
Utvikling
[endre | endre wikiteksten]Raga er spesifikke melodiske toneartar som vert nytta i klassisk musikk i Sør-Asia. Så alle rockesongar som har tydelege indiske element kan reknast som «ragarock», sjølv om omgrepet som regel blir nytta om rock med meir eksplisitt indiske preg. Ei stor inspirasjonskjelde for ragarocken var den indiske klassiske ragamusikken til den bengalske sitaristen Ravi Shankar, som i seg sjølv vart eit popikon i 1966, etter at ragarocktrenden slo gjennom.[1]
Opphavet til ragarocken vert ofte spora attende til juli 1965 og utgjevinga av «See My Friends», ein singel av The Kinks som nådde topp 10 i Storbritannia, sjølv om The Yardbirds sin «Heart Full of Soul» kom ut ein månad tidlegare med eit sitarliknande riff av gitaristen Jeff Beck.[2][3] The Byrds-singelen «Eight Miles High» og B-sida «Why» frå mars 1966 vert òg rekna som ei viktig inspirasjonskjelde i byrjinga av sjangeren. Omgrepet ragarock vart namngjeven av publisisten til The Byrds i ei pressemelding for singelen og vart først nytta på trykk av journalisten Sally Kempton i meldinga hennar om «Eight Miles High» for The Village Voice.[4][5] Men i eit intervju i 1968 med Pop Chronicles nekta derimot Byrds-medlemmet Roger McGuinn for at «Eight Miles High» var ragarock.[6] The Paul Butterfield Blues Band utvikla konseptet vidare med indiskpåverka rockemusikk med ein 13 minuttar lang instrumental kalla «East-West», som vart tittelsporet på albumet deira East-West i 1966.[7]
The Beatles-songen «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)», som først kom ut på albumet Rubber Soul i 1965, var den første vestlege popsongen med sitar (spelt av sologitaristen George Harrison).[3][8] Harrison si interesse i indisk musikk var med på å popularisere sjangeren i midten av 1960-åra med songar som «Love You To» og «Tomorrow Never Knows» (Revolver, 1966),[9][10] «Within You Without You» (Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, 1967)[11] og «The Inner Light» (gjeve ut i 1968 so B-sida til singelen «Lady Madonna»).[12]
Tidleg i 1970-åra byrja det britiske progressive rockebandet Quintessence å blande element av indisk klassisk musikk med rock og jazz.[13] Seinare på tiåret introduserte gitaristen John McLaughlin og bandet hans Shakti ein jazzaktig versjon av ragarock over ein periode på tre album.[14]
I 1990-åra byrja det britiske indierockbandet Cornershop å bruke asiatiske instrument som sitar og dholki i musikken sin, og det kulminerte med albumet When I Was Born for the 7th Time i 1997.[15] Albumet, som blanda indisk musikk med rock, funk, hip hop og country, inneheld hitsingelen «Brimful of Asha» (i seg sjølv ei hyllest til den indiske songaren Asha Bhosle) og ein versjon av The Beatles-songen «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)», heilt sungen på punjabi. Singelen nådde toppen av den britisek singellista.[15][16] I 1996 gav den britiske rockegruppa Kula Shaker ut singlane «Tattva» og «Govinda», som begge inneheldt tekst på sanskrit. Kula Shaker gav ut albumet K i 1996.[17] The Brian Jonestown Massacre gav ut albumet Their Satanic Majesties' Second Request i 1996 og Give It Back! i 1997, begge med elemnt av indisk og psykedelisk rock.
I nyare tid har vestlege band som The Black Angels og The Brian Jonestown Massacre og indiske band som The Raghu Dixit Project, Agam og Swarathma, blanda vestlege instrument og tradisjonelle indiske instrument.
Nokre døme
[endre | endre wikiteksten]- «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)» (1965),[18] «Love You To» (1966), «Tomorrow Never Knows» (1966), «Within You Without You» (1967) og «The Inner Light» (1968) av The Beatles
- «See My Friends» (1965) og «Fancy» (1966) av The Kinks
- «Heart Full of Soul» (1965) og «White Summer» (1967) av The Yardbirds
- «East-West» (1966) av the Butterfield Blues Band
- «Eight Miles High» (1966), «Why» (1966), «I See You» (1966), «Thoughts And Words» (1967), «Mind Gardens» (1967) og «Moog Raga» (1967) av The Byrds
- «The Fat Angel» (1966), «Hurdy Gurdy Man» (1968), «Three King Fishers» (1966) og «Peregrine» (1968) av Donovan
- «Paint It, Black» (1966) og «Gomper» (1967) av The Rolling Stones
- «Grim Reaper of Love» (1966) av The Turtles
- «Venus in Furs» (1967) av The Velvet Underground
- «The End» (1967) av The Doors[19]
- «I» (1967) og «Hideaway» (1967) av The Electric Prunes
- «Paper Sun» (1967), «Utterly Simple» (1967) av Traffic
- «The Mad Hatter's Song» (1967), «Koeeoaddi There» (1968), «Three Is A Green Crown» (1968) og «The Half-Remarkable Question» (1968) av The Incredible String Band
- «Sit with the Guru» (1968), «Black Butter» (1968), «Nightmare of Percussion» (1968), «They Saw the Fat One Coming» (1968), «An Angry Young Man» (1968) av Strawberry Alarm Clock.
- «Square Room» (1968), «Just on Conception» (1968) og «Black Widow Spider» (1968) av Them
- «Death» (1968) av The Pretty Things
- «The Sunset» (1967), «Visions of Paradise» (1968), «Om» (1968), og «Sun is Still Shining», (1969) av The Moody Blues
- «Girl in Your Eye» (1968) av Spirit
- «We Will Fall» (1969) av The Stooges
- «Black Mountain Side» (1969) og «Friends» (1970) av Led Zeppelin
- «Animal Skins» (1976) av Crack the Sky
- «King of Birds» (1987) og «You» (1994) av R.E.M.
- «Behind the Sun» (1987) av Red Hot Chili Peppers
- «If Only Tonight We Could Sleep?» (1987) av The Cure
- «Wherever I May Roam» (1991) av Metallica
- «Can't Lose You» (1993) av Type O Negative
- «4°» av Tool (1993)
- «Head Down» (1994) og «Half» (1994) av Soundgarden
- «The Bazaar» (1995) av The Tea Party
- «In India You» (1996), «Super-Sonic» (1997), og «Salaam» (1997) av The Brian Jonestown Massacre
- «Tattva» (1996), «Govinda» (1996), «Radhe Radhe» (1999), «Namami Nanda-Nandana» (1996) og «Song of Love/Narayana» (2007) av Kula Shaker
- «Setting Sun» (1996) av The Chemical Brothers
- «We're in Yr Corner» (1997) av Cornershop
- «Petrol & Chlorine» (1997) av Silverchair
- «Taste of India» (1997) av Aerosmith
- «Tsunami» (1998) av Manic Street Preachers
- «Who Feels Love?» (2000) av Oasis
- «Siddhartha» av Jerry Cantrell (2002)
- «Eight Easy Steps» (2004), «Knees of My Bees» (2004), og «Citizen of the Planet» (2008) av Alanis Morissette
- «Deer-Ree-Shee» (2008) og «True Believers» (2010) av The Black Angels
- «Love Is the Answer» (2009) av Weezer
- «Taro» (2012) av Alt-J
- «Head On/Pill» (2013), I'm Not A Man Unless I Have A Woman (2013), «30 Past 7» (2013) og «Float Along – Fill Your Lungs» (2013) av King Gizzard & The Lizard Wizard
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Raga rock» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2016.
- ↑ https://books.google.co.uk/books?id=21UEAAAAMBAJ&pg=PA68
- ↑ Miller, Andy. (2003). The Kinks are the Village Green Preservation Society (33⅓ series). Continuum International Publishing Group. s. 3. ISBN 0-8264-1498-2.
- ↑ 3,0 3,1 Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic in Western Music. Northeastern. s. 297. ISBN 1-55553-319-1.
- ↑ Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic in Western Music. Northeastern Publishing. s. 351. ISBN 1-55553-319-1.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 88. ISBN 1-906002-15-0.
- ↑ «Pop Chronicles: Show 35 - The Rubberization of Soul: The Great Pop Music Renaissance». University of North Texas. Henta 23. september 2016.
- ↑ Lavezzoli, Peter. (2007). The Dawn of Indian music in the West. Continuum International Publishing Group. s. 158. ISBN 0-8264-2819-3.
- ↑ Lewisohn, Mark. (1989). The Complete Beatles Recording Sessions. The Hamlyn Publishing Group. s. 63. ISBN 0-600-55784-7.
- ↑ Lavezzoli, Peter. (2007). The Dawn of Indian music in the West. Continuum International Publishing Group. s. 293. ISBN 0-8264-2819-3.
- ↑ Lavezzoli, Peter. (2007). The Dawn of Indian music in the West. Continuum International Publishing Group. s. 175. ISBN 0-8264-2819-3.
- ↑ Hyder, Rehan. (2004). Brimful of Asia: Negotiating Ethnicity on the UK Music Scene. Ashgate Publishing Limited. s. 59. ISBN 0-7546-4064-7.
- ↑ Pedler, Dominic (2003). The Songwriting Secrets of the Beatles. London: Omnibus Press. s. 524. ISBN 978-0-7119-8167-6.
- ↑ Eder, Bruce. «Quintessence Biography». Allmusic. Henta 23. september 2016.
- ↑ Huey, Steve. «John McLaughlin Biography». Allmusic. Henta 23. september 2016.
- ↑ 15,0 15,1 Hyder, Rehan. (2004). Brimful of Asia: Negotiating Ethnicity on the UK Music Scene. Ashgate Publishing Limited. s. 7. ISBN 0-7546-4064-7.
- ↑ Gopinath, Gayatri. (2005). Impossible Desires: Queer Diasporas and South Asian Public Cultures. Duke University Press. s. 40. ISBN 0-8223-3513-1.
- ↑ Hyder, Rehan. (2004). Brimful of Asia: Negotiating Ethnicity on the UK Music Scene. Ashgate Publishing Limited. s. 62. ISBN 0-7546-4064-7.
- ↑ Williams, Paul. (2002). The Crawdaddy! Book: Writings (and Images) From the Magazine of Rock. Hal Leonard Corporation. s. 101. ISBN 0-634-02958-4.
- ↑ Borgzinner, Jon (August 18, 1967). «How a shy pandit became a pop hero». LIFE 63 (7) (Time Inc.). s. 36. ISSN 0024-3019. Henta January 30, 2013.