Hopp til innhald

Radfjorden

Koordinatar: 60°33′44.428″N 5°12′51.790″E / 60.56234111°N 5.21438611°E / 60.56234111; 5.21438611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Radfjorden er ein om lag 9 km lang fjord i Vestland. Fjorden går på austsida av Holsnøy i Meland og på vestsida av Radøy. Fjorden strekkjer seg i nordvest-søraust retning og er med eit djup på vel 210 meter ein god plass for reketråling. Fjorden er rik på fisk, frå Tjuvholmen i sør, til populære Bognestraumen og Landsviksosen på kvar side av øya Bongno i nord der Mangerfjorden held fram vidare til Hjeltefjorden på andre sida. Det blir òg teke rikeleg med kreps og krabbe i fjorden av lokale fritidsfiskarar. I søraust grensar han til den vesle Kvernafjorden på nordsida av Flatøy.

I Radfjorden er det tre større oppdrettsanlegg: Stolane, Sæbøholmane og Gjeltskjerneset i sør. Ved oppdrettsanlegga er det gode fiskeforhold for stor sei, som lokale fiskarar nyttar som agn i krabbeteinene.

Dei gamle kaiane i fjorden er på Holsnøysida: Revsgard kai, Gaustad og Furuskjegget kai. På Radøysida finn ein Sæbøkaien og Vetåskaien. Desse kaiane er kommunale og tilgjengeleg for offentleg bruk. Kaiane er i dag prega av forfall og fleire bygder har tatt initiativ til å bevare denne delen av den rike kystkulturen gjennom gjenoppbygging og restaurering.

Den totale lengda til fjordsystemet Mangerfjorden/Radfjorden/Kvernafjorden er 21 km. 60°33′44.428″N 5°12′51.790″E / 60.56234111°N 5.21438611°E / 60.56234111; 5.21438611