Rabigh
Miqat al-Juhfah | |||
al-Juhfah | |||
by | |||
Masjid Miqat al-Juhfah i Wadi Rabigh i Saudi-Arabia
| |||
Kallenamn: Ein av Miqat | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Region | Mekka-regionen | ||
Koordinatar | 22°48′N 39°02′E / 22.800°N 39.033°E | ||
Areal | 6 679 km² | ||
Folketal | 180 000 | ||
Tidssone | AST (UTC 3) | ||
Rabigh 22°48′00″N 39°02′00″E / 22.8°N 39.0333°E | |||
Kart som viser Rabigh.
|
Rabigh (arabisk رابغ) er ein eldgammal by på vestkysten av Saudi-Arabia, langs Raudehavet i Mekka-regionen. Han vart kalla al-Johfa eller al-Juhfah fram til starten av 1600-talet. I somme gamle soger vart byen heilt øydelagd av havet, og vart så bygd opp att på ny under namnet «Rabigh».
Folketalet er kring 180 000 i følgje nyare folketeljingar.[1]
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Rabigh ligg på austkysten av Raudehavet og har ekstrem varme om sommaren. Tempeaturen er høg om vinteren òg. Temperaturen byrjar å stige i april og når eit maksimum mellom juli og september, ofte over 45 ºC. Luftfukta er særs høg, særleg om sommaren. Ein kan stundom få korte regnbyger på grunn av den ekstremt høge fukta.
Wadi Rabigh
[endre | endre wikiteksten]Wadi Rabigh er ein historisk viktig wadi som ligg like innafor byen Rabigh, og strekkjer seg langs grensa til al-Madinah og Mekka-regionen i Saudi-Arabia.
Ein naturleg innsjø nær Haggag, kring 35 km inn i landet, er omgjeve av siv og får vatn frå fleire permanente ferskvasskjelder. Dette dannar ein naturleg våtmarksområde som er unikt for Tihamah nord for Jidda.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rabigh» frå Wikipedia på engelsk, den 22. desember 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- E.J. Brill's First Encyclopaedia of islam 1913-1936. BRILL. 1987. s. 134. ISBN 90-04-08265-4.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 23. september 2015, henta 22. desember 2015