Rabarbra
Utsjånad
Rabarbra | |
Ung rabarbra | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Slireknefamilien Polygonaceae |
Slekt: | Rheum |
Art: | Rabarbra R. rhabarbarum |
Vitskapleg namn | |
Rheum rhabarbarum |
Rabarbra (vitskapeleg namn Rheum rhabarbarum) er ein gamal, hardfør, mat- og medisinplante (staude) som opphavleg kjem frå dei nordlege og sentrale delane av Asia. Planten kom til Noreg på 1700-talet.
Rabarbra kan nyttast til suppe, graut, i bakverk og som syltetøy. Ein kan også eta rabarbastilkar rå, då gjerne med sukker på for å søta smaken, eller i småbitar i salat.[1]
Rabarbra inneheld mykje garvestoff. I store mengder kan han også verke som avføringsmiddel. Det er også viktig å merke seg at store inntak av rabarbra kan føre til auka risiko for nyrestein. Mjølk kan forhindre dette til ei viss grad. Blada er særs giftige fordi dei inneheld store dosar oksalsyre. Det har skjedd dødsfall i tilfelle der blad har vore brukte i salat.
Utvalde typar rabarbra
[endre | endre wikiteksten]- Early sunrise
- Elmsblitz
- Elmsfeuer
- Marshalls Early Red
- Prince Albert
- Rosenhagen
- Spangsberg
- Valentine
- Victoria
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rheum rhabarbarum
- Stor variasjon i norsk rabarbra Arkivert 2008-02-09 ved Wayback Machine.