Hopp til innhald

Read-only memory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå ROM)

Read-only memory (ROM) er ei form for minne i ei datamaskin som vert nytta for å lagra program og/eller data som ikkje skal endrast under bruk. Nokre typar ROM kan skrivast (programmerast) berre éin gong, medan andre typar kan reprogrammerast (overskrivast).

Tradisjonelle ROM-brikker som er programmerte på førehand får innhaldet sitt i produksjonsprosessen, og kan ikkje endrast seinare. Men det finst andre typar ROM baserte på halvleiarar:

  • PROM (Programmable Read-Only Memory)
  • EPROM (Erasable Programmable Read-Only Memory)
  • EAROM (Electrically Alterable Read-Only Memory)
  • EEPROM (Electrically Erasable Read-Only Memory)