Quo av Status Quo
Quo Studioalbum av Status Quo | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. mai 1974 | |
Innspelt | Spring 1974 | |
Studio | IBC Studios, London | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 36:54 | |
Selskap | Vertigo (Storbritannia) A&M (USA) | |
Produsent | Status Quo | |
Status Quo-kronologi | ||
---|---|---|
Hello! (1973) |
Quo | On the Level (1975)
|
Singlar frå Quo | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Quo er det sjuande studioalbumet til Status Quo. Det kom ut i mai 1974 og vart framført av Francis Rossi, Rick Parfitt, Alan Lancaster og John Coghlan. Albumet nådde andreplassen på albumlista i Storbritannia. Som føregangaren Hello! bestod det berre av originale songar skrivne av gruppa. Dei einaste gjestemusikarane var Bob Young og Tom Parker, som spelte høvesvis munnspel og piano på «Break the Rules».
Bandet meinte at opningssongen «Backwater» høvde best som singel, men den einaste singelen som kom ut frå albumet var «Break the Rules» i april 1974. Singelen nådde åttandeplassen på singellista i Storbritannia.
Albumet vert rekna som eit av dei tyngste albuma deira, kanskje på grunn av bassisten Alan Lancaster, som var medlåtskrivar på seks av åtte spor. «Då me skreiv 'Drifting Away'» fortalte Parfitt, «høyrdest han særs tung ut. Rytmen var konstant, rett i andletet ditt. Det var så inspirerande. Det var det hovudet mitt var den gongen. Du veit: no skal me faen meg rocke.»[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Backwater» | Rick Parfitt, Alan Lancaster | Lancaster | 4:22 |
2. | «Just Take Me» | Parfitt, Lancaster | Lancaster | 3:31 |
3. | «Break the Rules» | Francis Rossi, Parfitt, Lancaster, John Coghlan, Bob Young | Rossi | 3:37 |
4. | «Drifting Away» | Parfitt, Lancaster | Lancaster | 5:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
5. | «Don't Think it Matters» | Parfitt, Lancaster | Lancaster | 4:48 |
6. | «Fine Fine Fine» | Rossi, Young | Rossi | 2:31 |
7. | «Lonely Man» | Parfitt, Lancaster | Parfitt | 5:05 |
8. | «Slow Train» | Rossi, Young | Rossi | 7:55 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «Lonely Night» | Rossi, Parfitt, Lancaster, Coghlan, Young | 3:26 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Francis Rossi - gitar, vokal
- Rick Parfitt - gitar, vokal
- Alan Lancaster - bass, vokal
- John Coghlan - trommer
- Andre medverkande
- Bob Young - munnspel
- Tom Parker - klaverinstrument
- Status Quo - produsentar
- Damon Lyon-Shaw - lydteknikar og miksing
- Richard Manwaring, Andy Miller - assisterande lydteknikarar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Quo (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Quo av Status Quo på Allmusic
- ↑ Ling, Dave (March 2017). «R.I.P. Rick Parfitt». Classic Rock #233: 51.