Hopp til innhald

Queen Maud Gulf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Queen Maud Gulf
bukt
Land  Canada
Del av Det kanadiske polararkipelet
Kart
Queen Maud Gulf
68°20′00″N 102°00′00″W / 68.333333333333°N 102°W / 68.333333333333; -102

Queen Maud Gulf (fransk Golfe de la Reine-Maud) er ei bukt i Canada. Ho ligg i provinsen Nunavut, i den nordaustlege delen av landet, 3 000 km nordvest for hovudstaden Ottawa.

I vestenden ligg Cambridge Bay, som fører til Dease Strait; i aust ligg Simpson Strait og i nord ligg Victoria Strait. Verneområdet Queen Maud Gulf Migratory Bird Sanctuary ligg i bukta.

I 1839 blei bukta kryssa av Peter Warren Dease og Thomas Simpson. Ho blei namngjeven av den norske utforskaren Roald Amundsen i 1905 etter dronning Maud av Noreg.

Vraket etter HMS «Erebus» frå Franklin sin tapte ekspedisjon frå 1845 på jakt etter Nortdvestpassasjen blei funne her i 2014. Vraket ligg på botnen av austdelen av Queen Maud Gulf, vest for O'Reilly Island.[1]

I bukta ligg følgjande øyar:

  1. Chase, Steven (9. september 2014). «Finding of Franklin ship fuels Harper's new nationalism». The Globe and Mail (Ottawa). Henta 10. september 2014.