Hopp til innhald

Pythia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
'Prestinna i Delfi' måla av John Collier i 1891.

Pythia, 'den pythiske kvinna', var ein tittel på prestinna for Apollon ved Orakelet i Delfi. I den eldre tida var ho ei ung jomfru, men seinare hadde ei eldre kvinne med godt rykte og av god herkomst rolla.[1] Frå 600- og 500-talet f.Kr. byrja personar frå heile den greske verda søka råd frå Pythia, særleg i høve til politiske avgjerder og moglege krigar.[2]

  1. «Pythia». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
  2. «Oracle | religion», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 20. august 2019 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.