Prvić
Utsjånad
Prvić | |
---|---|
landsbyen Prvić Luka | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar | |
Øygruppe | Šibenik
|
Areal | 2,37 km²
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Zadar
|
Demografi | |
Folketal | 453 (2001)
|
Prvić er ei lita øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho er ein del av øygruppa Šibenik, om lag 1 km frå fastlandet nær Vodice. Namnet på øya kjem mogelegvis frå Prvin, namnet på den kroatiske vårguden.[1] Det ligg to landsbyar på øya, Prvić Luka og Šepurine. Ho har eit areal på 2,37 km², og eit folketal på 453 (2001).[2] Det er ingen bilar på øya.[1] Šepurine ligg på vestsida av øya ovanfor Vodice. Prvić Luka ligg i den største vika på søraustsida, og er verna mot nordleg og vestleg vind.[1] Den vidkjende vitskapsmannen Faust Vrančić ligg gravlagd ved Prvić Luka sidan øya var feriestad for familien hans om sommaren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Prvić hotelmaestral.com, arkivert frå originalen 3. desember 2005, henta 13. mars 2007
- ↑ Statistisk årbok 2006 for Kroatia
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Prvić på infoadriatic.com Arkivert 2008-09-12 ved Wayback Machine.
- prvic.netfirms.com Arkivert 2008-04-10 ved Wayback Machine.