Hopp til innhald

Prrenjas

Koordinatar: 41°4′17″N 20°32′54″E / 41.07139°N 20.54833°E / 41.07139; 20.54833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prrenjas
Utsyn mot Prrenjas
Utsyn mot Prrenjas
Utsyn mot Prrenjas
Byvåpenet til Prrenjas
Byvåpenet til Prrenjas
Styresmakter
Land
Region
Albania
Elbasan
Geografi
Flatevidd
 - By

323 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

24 906[1]
Koordinatar 41°4′17″N 20°32′54″E / 41.07139°N 20.54833°E / 41.07139; 20.54833
Tidssone CET (UTC 1)
Diverse anna
Plassering
Prrenjas kommune innafor regionen Elbasan
Prrenjas kommune innafor regionen Elbasan
Prrenjas kommune innafor regionen Elbasan

Prrenjas eller Përrenjas er ein by og ein kommune i regionen Elbasan i Albania. Kommunen ligg sentralt i landet og grensar i sør til regionen Korçë. I aust ligg nabolandet Nord-Makedonia.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Prrenjas vart slått saman med landkommunane Qukës, Rrajcë og Stravaj.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Prrenjas.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Prrenjas 5 847 innbyggjarar, medan dei fire kommunane som i dag utgjer storkommunen Prrenjas, til saman hadde 24 906 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Prrenjas ein del av distriktet Librazhd.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Prrenjas og busetnadene:[2]

  • Prrenjas-Fshat
  • Rrashtan

Referansar

[endre | endre wikiteksten]