Provinsen Firenze
Utsjånad
Provinsen Firenze | |||
provins | |||
|
|||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Toscana | ||
Hovudstad | Firenze | ||
Areal | 3 514 km² | ||
Folketal | 933 860 | ||
Postnummer | 50100 | ||
Retningsnummer | 055 | ||
Bilnummer | FI | ||
Provinsen Firenze 43°46′17″N 11°15′15″E / 43.771388888889°N 11.254166666667°E | |||
Kart som viser Provinsen Firenze.
| |||
Wikimedia Commons: Province of Firenze |
Provinsen Firenze (italiensk Provincia di Firenze) er ein tidlegare provins i Toscana i Italia. Han blei erstatta i 2015 av Città metropolitana di Firenze ('Metropolbyeb Firenze').
Provinsen hadde eit areal på 3 514 km² og totalt 933 860 innbyggjarar (2004). Det var 44 kommunar i provinsen. Provinshovudstaden var byen Firenze.
Mykje av provinsen låg på sletta til elva Arno og store delar av han høyrde til storbyområdet til Firenze. Den nordaustlege delen av provinsen, som låg i Appenninane, var derimot langt meir urørt.
Bortsett frå Firenze var andre byar og viktige stader i provinsen Barberino Val d'Elsa, Fiesole, Greve in Chianti og Tavarnelle Val di Pesa.
Største kommunar
[endre | endre wikiteksten](Per 30. juni 2005)
Kommune | Ibuarar |
---|---|
Firenze | 368 178 |
Scandicci | 49 774 |
Sesto Fiorentino | 46 631 |
Empoli | 46 056 |
Campi Bisenzio | 39 101 |
Bagno a Ripoli | 25 539 |
Fucecchio | 22 006 |
Pontassieve | 20 602 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Florence» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2007.