Hopp til innhald

Primas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Primas (av latin primus, 'den første') er ein kyrkjetittel som kan brukast om den øvste geistlege i eit land eller ei kyrkjeavdeling.

I den katolske kyrkja har enkelte erkebiskopar tittelen «primas». I den anglikanske kyrkja har erkebiskopen av York tittelen «Primate of England», medan erkebiskopen av Canterbury blir kalla «Primate of all England».