Pressemelding
Utsjånad
- For pressemeldingar som gjeld Wikipedia, sjå Wikipedia:Pressemeldingar.
Ei pressemelding er ein tekst som vert send til media for å spreie informasjon med nyhendeverdi. Pressemeldingar er vanleg innan informasjon og samfunnskontakt, og vert vanlegvis sendt med e-post eller telefaks til aviser, radio og TV. Nytt i våre dagar er videopressemeldingar, som også blir sendt til nettavisredaksjonar. Mange blir også spreidd på videodelesider. Eit eksempel er Videopressemelding.no
Pressemeldingar er ikkje nyhendeartiklar, og er ofte subjektive i retning av det distributøren ønskjer å få fram.