Trykkefridom
Utsjånad
(Omdirigert frå Pressefridom)
Trykkefridom er ein del av ytringsfridomen og inneber rett til å trykkja og spreia informasjon og oppfatningar fritt. Trykkefridom er ein av dei grunnleggjande eigenskapane i demokratiet. Kvar innbyggjar i ein stat der trykkefridomen rår har rett til å spreia meiningane sine i pressa, så lenge dei ikkje bryt nokon annan lov som avgrensar trykkefridomen. Trykkefridomen får likevel ikkje innskrenkast meir enn kva som krevst for å verna om andre rettar, ifylgje dei demokratiske prinsippa.
3. mai kvart år vert den Internasjonale dagen for pressefridom feira, stifta av FN.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia, 3. februar 2011.