Pratibha Patil
Pratibha Devisingh Patil प्रतिभा देवीसिंह पाटील (marathi) ⓘ | |||
| |||
Periode | 25. juli 2007-25. juli 2012 | ||
---|---|---|---|
Titlar | President av India | ||
Religion | Hindu | ||
Parti | Kongresspartiet | ||
Fødd | 19. desember 1934 (89 år) | ||
Fødestad | Nadgaon i Maharashtra | ||
Ektefelle | Devisingh Ransingh Shekhawat | ||
Barn | Raosaheb Shekhawat | ||
Føregangar | Abdul Kalam | ||
Etterfølgjar | Pranab Mukherjee |
Pratibha Patil (fødd 19. desember 1934) er ein indisk politikar som var president i India frå 2007 til 2012. Ho var den første kvinnelege presidenten i India. Patil er medlem av Den indiske nasjonale kongressen (Indian National Congress, ofte kalla Kongresspartiet), og vart nominert av regjeringskoalisjonen Den sameinte framstegsalliansen (United Progressive Alliance) og Venstrefronten (Left Front). Ho vart vald ved indirekte val den 19. juli 2007, og blei innsett den 25. juli.
Patil vart fødd i landsbyen Nadgaon i Maharashtra. Ho tok mastergrad ved universitetet i Jalgaon i Maharashtra, og bachelorgrad i rettsvitskap i Mumbai. Ho sat i delstatsparlamentet i Maharashtra frå 1962 til 1985. Ho hadde òg ulike ministerpostar i delstatsregjeringa. Frå 1986 til 1988 var ho visepresident for overhuset i det indiske parlamentet. Frå 1991 til 1996 sat ho som folkevald i underhuset i det indiske parlamentet. Frå 2004 til 2007 var ho den første kvinnelege guvernøren i delstaten Rajasthan.
Pratibha Patil gifta seg i 1965 med Devisingh Ramsingh Shekhawat. Dei har ein son og ei dotter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pratibha Patil» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2008.