Hopp til innhald

Poti

Koordinatar: 42°09′N 41°40′E / 42.150°N 41.667°E / 42.150; 41.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poti
ფოთი
Horisonten til Poti
Horisonten til Poti
Byvåpenet til Poti
Styresmakter
Land Georgia
Geografi
Flatevidd 65,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2014)
   - folketettleik

41 465
  630/km²
Koordinatar 42°09′N 41°40′E / 42.150°N 41.667°E / 42.150; 41.667
Høgd over havet 3 m
Tidssone MSD (UTC 4)
Diverse anna
Heimeside: https://poti.gov.ge
Nettstad: poti.gov.ge

Poti (georgisk ფოთი, Poti) er ein by vest i Georgia i provinsen Samegrelo-Zemo Svaneti. Han ligg ved austkysten av Svartehavet og er ein av tre hamnebyar i Georgia. I nærleiken av byen munnar elva Rioni ut i Svartehavet. Byen har 41 465 innbyggjarar (2014).

Poti vart grunnlagd som ein gresk koloni på 600-talet fvt. og kalla opp etter Phasis. Den første jernbanen som vart konstruert i Georgia vart lagd mellom Poti og Sjorapani i 1871. Segna om Det gylne skinnet (argonautane, Jason og Medea) fann stad ved Poti og elva Rioni.

Poti har eit subtropisk klima. Vinteren er mild og varm, og normaltemperaturen i januar er 5,2 °C. I juli er normalen 22,9 °C. Byen får ein god del nedbør og årsnormalen er på 1 960 mm.

Hovudnæringane i byen er service- og næringsmiddelindustri.

Marinebasen til Den georgiske marinen ligg i Poti.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]