Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | |||
| |||
| |||
Forkorting | Nkom | ||
---|---|---|---|
Type | Direktorat | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1987 | ||
Org.nummer | 974446871 | ||
Hovudkontor | Lillesand | ||
Lokale ledd | Bergen, Lillehammer, Lødingen, Ski, Trondheim | ||
Undergrupper | Kommunal- og moderniseringsdepartementet | ||
Tilsette | 176[1] | ||
Nettside | http://nkom.no |
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom, fram til 1. januar 2015 PT: Post- og teletilsynet) er eit frittståande forvaltingsorgan under Samferdselsdepartementet. Nkom er ansvarleg for å regulera og overvaka post- og telekommunikasjon i Noreg. Etaten er sjølvfinansierande, gjennom å krevja inn ymse gebyr.
Nkom vart stifta i 1987, under namnet Statens teleforvaltning, då den norske telekommunikasjonsmarknaden vart opna for konkurranse. Nkom har seinare fått fleire ansvarsområde, ettersom liberaliseringa av marknaden har auka. I 1997 fekk etaten ansvaret for regulering av posttenester og bytta namn til Post- og teletilsynet. Etter vedtak i Stortinget vart Nkom frå og med 2007 plassert i Lillesand kommune, og i 2015 fekk det namnet Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.nkom.no/om-nkom/organisering-og-leiing.
- ↑ «PT skifter navn». Nasjonal kommunikasjonsmyndighet. 10. september 2014. Henta 8. mars 2015.