Hopp til innhald

Portland Parish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portland
fylke
Port Antonio
Land  Jamaica
Region Surrey
Hovudstad Port Antonio
Areal 820 km²
Folketal 82 183  (2012[1])
Kart
Portland Parish
18°08′00″N 76°32′00″W / 18.133333333333°N 76.533333333333°W / 18.133333333333; -76.533333333333
Kart som viser Portland Parish.
Kart som viser Portland Parish.
Kart som viser Portland Parish.
Wikimedia Commons: Portland Parish

Portland Parish er eit parish (tilsvarande fylke) på Jamaica som ligg nordaust på øya. Det grensar til Saint Thomas i sør og Saint Mary i vest, og har kyst mot Det karibiske havet i nord og aust. Administrasjonssenteret er byen Port Antonio.

Fylket er 820 km² stort og har eit folketal på 70 067.[2]

Det er eit landleg område og det blir dyrka mykje banan, kokosnøtt, brødfrukt, kaffi, mango og ackee her, både for eksport og lokal bruk. Portland omfattar ein del av Blue Mountains, og maroon-samfunn som Moore Town og Charles Town.

Ein rekner ofte Port Antonio som ei vogge for jamaikansk turistindustri. Andre større busetjingar er St. Margaret's Bay og Buff Bay.[2]

Folk frå Portland

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Population by Parish». Statistical Institute of Jamaica. Henta 16. september 2015. 
  2. 2,0 2,1 «POLITICAL GEOGRAPHY». discoverjamaica.com. The Gleaner Online. Henta 3. september 2018.