Pollachius
Pollachius | |
Sei, Pollachius virens | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Orden: | Torskefisk Gadiformes |
Familie: | Torskefamilien Gadidae |
Underfamilie: | Gadinae |
Slekt: | †Pollachius Nilsson, 1832 |
Pollachius er ei slekt i torskefamilien som omfattar dei to artane lyr og sei (pale). Desse fiskane kan begge bli rundt ein meter lang og har ei sølvfarga sidelinje. Dei held til i Nord-Atlanteren, sei både i aust ved Europa og i vest ved Amerika. Begge er matfisk rekna som kvitfisk.
Sei og lyr blir ofte steikte. I Noreg blir dei også mykje bruk til fiskekaker. På Shetland kler ein gjerne ungfisk i havre og steiker dei. På Orknøyane har ein tradisjonelt salta og tørka årsgamle fisk over torvbål. Salta og røykt fisk kan få ein lakseliknande raudfarge, og blir selt i Tyskland som Seelachs, 'sjølaks'. I Korea kan ein frysa og tine fisken fleire gonger for å få retten hwangtae, halvtørka han for å få ko-da-ri, eller tørka han heilt og eta han som book-o.
Forvekslingasartar
[endre | endre wikiteksten]Fisk i slekta Theragra (som berlevågfisk) blei tidlegare rekna til Pollachius. På engelsk er dei kjende under namnet pollock, som òg viser til sei og lyr. Polartorsk (Boreogadus saida) blei òg tidlegare rekna til slekta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Pollachius ved fishbase.org
- Denne artikkelen bygger på «Pollock» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2011.