Piotr Leciejewski
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Full namn | Piotr Leciejewski | ||
Fødd | 23. mars 1985 (39 år) | ||
Fødestad | Legnica i Polen | ||
Høgd | 194 cm | ||
Spelarposisjon | Målvakt | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande klubb | Brann | ||
Draktnummer | 24 | ||
Ungdomskarriere | |||
LSPM Zielona Góra Lech Zielona Góra | |||
Seniorspelar* | |||
År | Lag | Kmp (mål)† | |
2004-06 | Górnik Zabrze | 0 (0) | |
2005 | GKS Katowice (lån) | 1 (0) | |
2006-07 | Górnik Łęczna | 17 (0) | |
2007 | Korona Kielce | 0 (0) | |
2008-10 | Sogndal | 82 (0)[1] | |
2011- | Brann | 100 (0)[1] | |
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen og oppdatert 31. januar 2015. † Kampar (mål). |
Piotr Leciejewski (fødd 23. mars 1985) i Legnica, er ein polsk fotballspelar som i dag står i mål for Brann.
Han vert skildra som ein vinnartype med eit sterkt konkurranseinstinkt,[2] og er mellom anna kjend for stor rekkevidd og reaksjonsevne, særleg evna til å redde straffespark.[2]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Leciejewski starta karrieren sin i Górnik Łęczna, før han drog til Korona Kielce. Han kom til norsk fotball på lån til Sogndal i 2008 og debuterte for Sogndal i ein bortekamp mot Bryne i Adeccoligaen. Leciejewski vart henta inn fordi førstekeeper Terje Skjeldestad vart skadd. Etter å ha imponert for klubben vart overgangen gjort permanent og han vart ei viktig brikke då Sogndal rykte opp til Tippeligane før 2011-sesongen.[2] Leciejewski spelte tre sesongar og nesten 100 obligatoriske kampar for Sogndal.
Brann prøvde i lang tid å få tak i Leciejewski og han vart etter kvart klar for Brann i januar 2011 i ein bytehandel der Cato Hansen og Kenneth Udjus gjekk til Sogndal. Leciejewski fekk eit brot i fingeren under sesongoppkjøringa og det tok derfor noko tid før han fekk starte, og Håkon Opdal fortsette i Brann-målet. Då kontrakten til Opdal ikkje vart forlenga mot slutten av 2011, vart det klart at Leciejewski var tiltenkt rolla som førstekeeper for 2012. Han skreiv ny kontrakt med Brann i februar 2012 for perioden ut 2015-sesongen. Leciejewski vart skadd i skuldra i starten av sesongen, noko som gav reservekeeperane Jørgen Mohus og Øystein Øvretveit speletid i løpet av sesongen. Dei siste tre kampane stod Leciejewski over for å kvile skuldra. Trass i dette vart Leciejewski kåra til «Årets Brann-spelar» av supporerane Bataljonen, i tillegg til dei to lokalavisene Bergensavisen og Bergens Tidende.[3][4]
I bortekampen til Brann mot Lillestrøm i 2012 scora Erik Mjelde utan vilje då han skulle spele tilbake ballen som hadde vorte spelt utover sidelinja for at ein skadd spelar skulle få behandling. Brann-spelarane vart samde om at det ville vere mest «Fair Play» å la LSK få eit mål attende, men trass i at utespelarane til Brann let LSK få gå uhindra mot mål, prøvde Leciejewski å stoppe målet.[2]
|
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piotr Leciejewski (90minut.pl)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Norsk og internasjonal fotballstatistikk
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Spelarprofil på brann.no, arkivert frå originalen 21. juli 2013, henta 17. mai 2013
- ↑ «Leciejewski årets spiller i BA med suveren margin». 19. november 2012. Henta 17. mai 2013.
- ↑ «Her er årets Brann-spiller». Henta 17. mai 2013.
Brann – spelarstallen 2013 |
---|
Målmenn |
---|
1 Jørgen Mohus |
12 Øystein Øvretveit |
24 Piotr Leciejewski |
Forsvarsspelarar |
---|
2 Birkir Már Sævarsson |
4 Simen Wangberg |
7 Hassan El Fakiri |
18 Markus Jonsson |
21 Zsolt Korcsmár |
27 Erdin Demir |
30 Jonas Grønner |
Midtbanespelarar |
---|
8 Fredrik Haugen |
9 Martin Pusic |
14 Fredrik Nordkvelle |
17 Stéphane Badji |
26 Kasper Skaanes |
29 Kristoffer Barmen |
32 Tomasz Sokolowski |
Angrepsspelarar |
---|
11 Vasilij Pavlov |
19 Kristoffer Larsen |
22 Amin Askar |
23 Erik Huseklepp |
28 Bård Finne |