Hopp til innhald

Phil Rudd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phil Rudd

Rudd med AC/DC i 1982 på Manchester Apollo
Fødd19. mai 1954 (70 år)
FødestadMelbourne i Australia
FødenamnPhillip Hugh Norman Witschke Rudzevecuis
OpphavAustralia
Aktiv1972–1983, sidan 1994
SjangerHardrock, bluesrock, rock and roll
InstrumentTrommer
Tilknytte artistar
PlateselskapEMI
Verka somMusikar

Phillip Hugh Norman Rudd (fødd 19. mai 1954 som Phillip Hugh Norman Witschke Rudzevecuis[1][2]) er ein australsk trommeslagar, best kjent som trommeslagaren i AC/DC gjennom tre periodar. Då bassisten Mark Evans forlét AC/DC i 1977, vart Rudd den einaste australskfødde medlemmen i bandet. I 2003 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame saman med dei andre medlemmene i AC/DC. I 2014 gav Rudd ut det første soloalbumet sitt, Head Job. På grunn av pågåande juridiske problem i New Zealand, der han er busett, var Rudd ikkje i stand til å bli med bandet på Rock or Bust-turneen i 2015 og vart erstatta av Chris Slade.[3][4] Den 30. september 2020 stadfesta AC/DC at Rudd ville bli med i bandet igjen på comebackalbumet Power Up.

  1. «Bio at everydrummer.com». Everydrummer.com. Henta 19. mai 2023. 
  2. Lithuanian spelling: Rudzevičius
  3. Reed, Ryan (11. februar 2015). «AC/DC Announce North American 'Rock or Bust' Tour». RollingStone. com. Rolling Stone. Henta 19. mai 2023. 
  4. «AC/DC bekrefter at Chris Slade erstatter Phil Rudd på 2015-turneen». The Guardian. London. 13. februar 2015. Henta 19. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Phil Rudd