Petter Belsvik
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 2. oktober 1967 (57 år) | ||
Fødestad | Lillehammer i Noreg | ||
Høgd | 188 cm | ||
Spelarposisjon | Angrep | ||
Seniorspelar* | |||
År | Lag | Kmp† | (Mål)† |
1984–1985 | Lillehammer FK | 8 | (1) |
1985–1988 | Faaberg IL | 53 | (21) |
1989–1991 | Molde | 66 | (28) |
1992–1993 | Hamarkameratene | 40 | (23) |
1994–1995 | Start | 46 | (38) |
1994 | → Aalborg (lån) | 3 | (1) |
1995 | → Southend (lån) | 3 | (1) |
1996–2000 | Stabæk | 94 | (60) |
1997 | → Austria Wien (lån) | 3 | (0) |
2000–2001 | Rosenborg | 15 | (5) |
2001–2002 | Vålerenga | 39 | (12) |
2003 | Lillestrøm | 13 | (1) |
1984–2003 | Totalt: | 383 | (191) |
Trenarlag | |||
2007–2008 | Stabæk (Assistenttrenar) | ||
2009–2011 | Lillestrøm SK (Assistenttrenar) | ||
2012–2013 | Stabæk | ||
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen. † Kampar (mål). |
Petter Belsvik (fødd 2. oktober 1967) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar, som scora totalt 159 mål i Tippeligaen. Han er med dette på 3. plass på lista over flest scora mål samanlagt, etter Sigurd Rushfeldt og Harald Martin Brattbakk. Trass i dette spelte han aldri for det norske landslaget, og vart heller aldri toppscorar i Eliteserien. Han vart til gjengjeld cupmeister med Stabæk i 1998, og seriemeister med Rosenborg i 2000.
Etter at han la opp som spelar, var Belsvik ein del av trenarapparatet i Stabæk frå 2004-2008. Han var assistenttrenar under Jan Jönsson då Stabæk tok seriegull i 2008. Frå 2009 til 2011 var Belsvik ein del av trenerteamet til Lillestrøm. Belsvik vart 1.1.2012 tilsett som hovudtrenar for Stabæk.
Klubbkarriere
[endre | endre wikiteksten]Belsvik må kunne skildrast som ein klubbnomade og er den spelaren som har spelt for flest norske toppserieklubbar.[1] Han er òg den som har skåra for flest ulike norske toppserieklubbar.[1] Han spelte toppseriefotball for Molde, Ham-Kam, Start, Stabæk, Rosenborg, Vålerenga og Lillestrøm, og han har òg hatt korte opphald i utlandet – for den engelske klubben Southend United, danske AaB og austerrikske Austria Wien.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister med Rosenborg (2000 og 2001)
- Seriemeister med Aalborg (1994/95)
- NM–finalevinnar med Stabæk (1998)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Petter Belsvik» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mai 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Petter Belsvik (Trenerprofil)». LSK.no. 18. januar 2011. Henta 2. mai 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Fødde i 1967
- Norske fotballspelarar
- Norske fotballspelarar i Danmark
- Norske fotballspelarar i England
- Norske fotballspelarar i Austerrike
- Austria Wien-spelarar
- Ham-Kam-spelarar
- Lillestrøm-spelarar
- Molde-spelarar
- Rosenborg-spelarar
- Southend United-spelarar
- Stabæk-spelarar
- Start-spelarar
- Vålerenga-spelarar
- Aalborg-spelarar
- Norske fotballtrenarar
- Fotballtrenarar for Stabæk Fotball
- Folk frå Lillehammer