Peter Abrahams
Utsjånad
Peter Abrahams | |
Statsborgarskap | Sør-Afrika |
Fødd | 19. mars 1919 Vrededorp |
Død |
18. januar 2017 (97 år) |
Yrke | skribent, journalist, sjefredaktør, lyrikar, kommentator, redaktør |
Språk | engelsk |
Peter Abrahams på Commons |
Peter Henry Abrahams (19. mars 1919–18. januar 2017) var ein forfattar frå Sør-Afrika.
Abrahams var fødd og oppvaksen i Vrededorp, ein fattig forstad til Johannesburg. Han reiste frå Sør-Afrika i 1939, og jobba først som sjømann, seinare fekk han jobb som journalist i London. I 1956 flytta han til Jamaica.
Gjennombrotet sitt fekk Abrahams med romanen Mine Boy i 1946. Dette var ein av dei første romanane som tok for seg situasjonen til dei svarte i Sør-Afrika. I romanane sine skildrar han mellom anna livet i slummen og i kolgruvene der han voks opp. Fleire av bøkene hans er omsette til norsk.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- A black man speaks of freedom (1940), diktsamling
- Dark testament (1942), novellesamling
- Song of the city (1945)
- Mine boy (1946)
- The path of thunder (1948)
- Wild conquest (1950)
- Return to Goli (1953)
- Tell freedom (1954) sjølvbiografi
- A wreath for Udomo (1956)
- A night of their own (1965)
- This island now (1966)
- A new creation (1982)
- A view from Coyaba (1985)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Peter Henry Abrahams» frå Wikipedia på afrikans, og «Peter Abrahams» frå Wikipedia på svensk den 5. februar 2008.