Per Egil Hegge
Per Egil Hegge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mars 1940 Trondheim |
Død |
12. oktober 2023 (83 år) |
Yrke | journalist, redaktør, spaltist, biograf, redaktør |
Medlem av | Det Norske Akademi for Språk og Litteratur |
Mor | Mary Hegge |
Per Egil Hegge på Commons |
Per Egil Hegge (6. mars 1940–12. oktober 2023) var ein norsk journalist og pressemann. Han var redaktør i Aftenposten og A-magasinet, korrespondent i Washington, DC, (1977–1981 og 1988–1992), i London og i Moskva (1969–1971). Han var kjend for ei fast språkspalte i Aftenposten og som ein profilert kritikar av Språkrådet, der han sjølv hadde vore medlem. Han var aktiv i riksmålsrørsla og var medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.
Livssoge
[endre | endre wikiteksten]Hegge vart fødd i Trondheim. Foreldra hans var lærarane Ola og Mary Hegge, som fyrst arbeidde i Skatval i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. I 1941 flytta dei til Inderøy, der Per Egil voks opp, «å lert sæ å snakk intrønder».[treng kjelde]
Hegge tok examen artium ved Steinkjer offentlige landsgymnas i 1959. Han vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo med faga russisk og engelsk mellomfag og statsvitskap grunnfag. I tillegg tok han Forsvaret sitt språkkurs i russisk. Til trass for at han hadde store kunnskapar i og interesse for det norske språket, studerte han det aldri på universitetsnivå.
I 1959 tok han til som journalist i Trønder-Avisa. Seinare vart han journalistlærling i NTB. Frå 1962 og i 43 år framover var han tilsett i Aftenposten.
I 1963 gifta han seg med Birgit Wedege frå Danmark og lærte seg etter kvart å tala dansk. Dei fekk tre born saman.
Tida i Aftenposten
[endre | endre wikiteksten]Hegge vart tilsett i Aftenposten i 1962, der han arbeidde som journalist, utanrikskorrespondent, kommentator og redaktør. Han skreiv mange reportasjar frå rettssaker og er kjend for den faste språkspalta si i morgonutgåva. Han var òg redaktør for fredagsmagasinet A-magasinet.
Hegge var utanrikskorrespondent for Aftenposten i Moskva, i London og i Washington D.C.. I 1971 vart han utvist frå Sovjetunionen. Den 25. april 2005 vart han pensjonist, men han skreiv språkspalter etter det.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Mellommann i Moskva, Cappelen, 1971
- Nyheter fra Moskva medforfattarar: Jahn Otto Johansen og Sture Stiernlöf, Cappelen, 1972.
- USA – høyre om?, Cappelen, 1981
- Mord: et politisk våpen, Hjemmene forlag, 1983.
- USAs utenrikspolitikk: makt og moral, Universitetsforlaget, 1984.
- Øst-Europa under Gorbatsjov: reportasjeserie i tekst og bilder, medforfattar: Terje Stemland, Aftenposten, 1987.
- Otto Sverdrup: aldri rådløs, medforfattar: Asbjørn F. Aastrøm, Stenersens forlag 1996.
- Og så må du ikke stille spørsmål, Cappelen, 2000.
- Fridtjof Nansen: bare én vilje, medforfattar: Turid Løvskar, Stenersens forl., 2002.
- Tro oss på vårt ord: sant og usant i krig og fred, Schibsted, 2004.
- Heng ham ikke vent til jeg kommer: en morsom bok om norsk språk og tegnsetting, Kagge forlag, 2004.
- Det var i 1905, medforfattar: Leif Arne Ulland, Andresen & Butenschøn, 2004.
- Norge komplett 150: fra betalingsmiddel til kunsthåndverk, medforfattar: Ivar Sundsbø, 2004.
- Ridende rytter til hest: finurligheter og annen språklig moro i aviser og presse – og litt ellers, 2005
- Quizleis: 1001 spørsmål og svar om språk, medforfattar: Sylfest Lomheim og Helene Uri, Det norske samlaget, 2005.
- Harald V: en biografi, Damm forlag, 2006.
- Toillprat og ainna: Trønderhumor i godt lag, Det norske samlaget, 2007.
- Nils Aas, medforfattarar: Magne Malmanger; Per Egil Hegge; Cathrine Hovdahl Vik; m.f., Labyrinth Press, 2007.
- To liv - én gjerning: kongeparet 70 år, medforfattar: Sven Gj. Gjeruldsen, Damm forlag, 2007.
- God vakt skal være: H.M Kongens Garde i felt og parade, Schibsted, 2008.
- Kunsten å skrive godt, Kagge forlag, 2009.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Narvesenprisen (1968)
- Gullpennen (1993)
- Riddar av fyrste klasse av St. Olavs Orden (2003)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Per Egil Hegge» frå Wikipedia på bokmål, den 4. mai 2010.