Hopp til innhald

Penis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Menneskepenis i normal og erigert tilstand.
Utstoppa kvalpenisar med penisbein.

Penis er største delen av det mannlege kjønnsorganet hos menneske, pattedyr og andre dyr, og blir brukt til å føra sæd inn i hoa. Pattedyr bruker også penisen til å urinera med.

Mange dyr har penisbein (baculum, os penis) som stivar han opp, medan mennesket har ein penis sett saman av erigerbart vev som stivnar gjennom å fyllast med blod.

Ordsoge

Ordet «penis» er rekna som eit klinisk og medisinsk ord på kjønnsorganet. Det er avleidd frå latin der det tyder 'hale'.[1] Organet har også ei rekkje andre norske namn som har ulike konnotasjonar, ofte som tabuord som kan brukast i banning:

  • Kuk eller kukk, frå mellomnorsk kúkr, som truleg har samanheng med kjuke.
  • Pikk, frå norrønt pikkr, som tyder pigg.
  • Lem, som tyder rørleg kroppsdel
  • Tiss (også tissefant o.l.) og piss kjem av verbet for å lata vatnet, som anten er eit latinsk ord eller eit lydord.
  • Andre ord som vert brukte er m.a. mige, pill, pip.
  • Ordet «red», frå det norrøne ordet for penis, (h)reðr, viser i dag til særs store kjønnsorgan, til dømes på hest.[2]

Galleri

Penis

Sjå òg

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Penis
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.