Peer Gynt-prisen
Peer Gynt-prisen, Årets Peer Gynt eller Peer Gynt-statuetten blir delt ut til personar og institusjonar som har utøvd samfunnsansvar og markert Noreg internasjonalt: «Statuetten deles ut til personer eller institusjoner som har markert seg på en positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Norge kjent i utlandet.» Prisen er kalla opp etter hovudpersonen i Henrik Ibsen sitt dramatiske dikt Peer Gynt frå 1867. Den har møtt kritikk for å fremje eit feilaktig bilete av Peer Gynt, som blir framstilt som ein umoralsk egoist i diktet til Ibsen.[1][2]
Prisen vart delt ut første gong i 1971 og gjekk då til Einar Gerhardsen for hans innsats som statsminister i gjenoppbygginga av landet etter krigen. Utdelinga skjer under Peer Gynt-stemnet på Vinstra i Nord-Gudbrandsdalen, eit stemne som har blitt arrangert sidan 1967. Peer Gynt-stemnet sjølv, stortingsrepresentantar og tidlegare vinnarar av Peer Gynt-prisen kan foreslå kandidatar til prisen. Vinnaren blir stemt fram av stortingsrepresentantar, og prisen blir også delt ut av ein stortingsrepresentant. Det synlege beviset for prisen er ein bronsefigur av Peer Gynt på bukken, laga av kunstsmed Karl Bilgrei.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]- 1971: Einar Gerhardsen, tidlegare statsminister
- 1972: Per Aabel, skodespelar
- 1973: Liv Ullmann, skodespelar
- 1974: Erik Bye, artist og programskapar
- 1975: Erling Stordahl, gardbrukar, musikar og forkjempar for funksjonshemma
- 1976: Øivind Bergh, dirigent
- 1977: Birgit og Rolf Sunnaas
- 1978: Arve Tellefsen, fiolinist
- 1979: Grete Waitz, langdistanseløpar
- 1980: Anne Cath. Vestly, forfattar
- 1981: Cato Zahl Pedersen, funksjonshemma idrettsutøvar
- 1982: Jens Evensen, diplomat, jurist og politikar
- 1983: Thorbjørn Egner, forfattar og teiknar
- 1984: Kronprinsesse Sonja
- 1985: Bobbysocks, popduo
- 1986: Annie Skau Berntsen, sjukepleiar og misjonær
- 1987: a-ha, popgruppe
- 1988: Oslo Filharmoniske orkester
- 1989: OL-komiteen ved Ole Sjetne
- 1990: Thorvald Stoltenberg, politikar og organisasjonsmann
- 1991: Hans-Wilhelm Steinfeld, journalist
- 1992: Bjørn Dæhlie og Vegard Ulvang, skiløparar
- 1993: Kjetil Andre Aamodt, alpinist
- 1994: Mona Juul og Terje Rød Larsen, politikarar og diplomatar
- 1995: Johann Olav Koss, skøyteløpar
- 1996: Jostein Gaarder, forfattar
- 1997: Gro Harlem Brundtland, tidlegare statsminister og FN-leiar
- 1998: Kvinnelandslaget i handball ved Marit Breivik
- 1999: Thor Heyerdahl, etnograf, zoolog og forfattar
- 2000: Bellona, miljøstifting
- 2001: Knut Vollebæk, politikar, diplomat og siviløkonom
- 2002: Eva Joly, jurist og korrupsjonsjeger
- 2003: Åsne Seierstad, journalist og forfattar
- 2004: Arne Næss, filosof, fjellklatrar og forfattar
- 2005: Jan Egeland, politikar og diplomat
- 2006: Kjell Inge Røkke, entreprenør og næringsutviklar
- 2007: Leif Ove Andsnes, pianist
- 2008: Snøhetta AS, arkitektfirma
- 2009: Ole Gunnar Solskjær, fotballspelar
- 2010: Dissimilis
- 2011: Magnus Carlsen, sjakkspelar
- 2012: Marit Bjørgen, skiløpar og Jens Stoltenberg, statsminister
- 2013: Jo Nesbø[3]
- 2014: Norway Cup
- 2015: May-Britt Moser og Edvard Moser, hjerneforskarar[4]
- 2016: Deeyah Khan[5]
- 2017: Skam, TV-serie[6]
- 2018: Elisabeth Hoff[7]
- 2019: Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal[8]
- 2020: Maja Lunde
- 2021: Birgit Skarstein
- 2022: Maren Lundby[9]
Sjå også
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Når ble Peer Gynt et forbilde? (Aftenposten)
- ↑ Vår egen store Peer Gynt (Aftenposten)
- ↑ Peergynt.no: Jo Nesbø er årets Peer Gynt 2013. Vitja 14.01.14, arkivert frå originalen 10. november 2013, henta 14. januar 2014
- ↑ Furberg, Kristoffer (23. mars 2015) «Moserparet får Peer Gynt-prisen». I: Universitetsavisa, arkivert frå originalen 2. april 2015, henta 12. juli 2017
- ↑ nrk.no Deeyah Khan er årets Peer Gynt 07.05.2016
- ↑ «Peer Gynt-prisen til «Skam»». aftenposten.no. 21. april 2017. Henta 9. juli 2017.
- ↑ NRK (6. april 2018). «Elisabeth Hoff blir årets Peer Gynt». NRK (på norsk bokmål). Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Peer Gynt-prisen til Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal». NRK. 12. april 2019. Henta 11. august 2019.
- ↑ Nielsen, Jonathan Gaathaug (8. april 2022). «Maren Lundby er årets Peer Gynt: – Det føles litt uvirkelig». NRK (på norsk bokmål). Henta 8. april 2022.