Parasittisme
Utsjånad
(Omdirigert frå Parasittar)
Parasittisme er ei form for symbiose som er til fordel for den eine parten og til ulempe for den andre. Ein skil ofte mellom endoparasittar, som lever på innsida av ein organisme, og ektoparasittar, som lever på utsida. Døme på ektoparasittar kan vera t.d. flått, mygg og igler, medan døme på endoparasittar kan vera m.a. bendelorm, trikin og spolorm. Ein tredje form for parasittar er dei såkalla epiparasittane, som lever på andre parasittar.