Papirkniv
Utsjånad
Papirkniv er ein kniv med uskarp egg ein kan bruka til å opna brev, spretta opp uoppskorne bøker eller folda papir med og liknande.[1][2] Slike knivar kan vera av ulike materiale som tre, metall, plast, bein eller elfenbein. Ofte er skaftet meir dekorert enn bladet. Nokre moderne papirknivar har uttrekkbare blad i eit skaft av plast.
Slike knivar var vanlegare å bruka då bøker ofte blei selde med sider som var blitt folda og ikkje spretta opp. Brevopnar er ein smal variant av papirkniv som er spesifikt laga til å skrjera open ein konvolutt med. Papirknivar er i dag sjeldan i bruk.[3]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Uoppskorne boksider som kan skjerast med ein papirkniv.
-
Papirkniv av elfenbein og perler frå 1800-talet som har tilhøyrd Josefina av Sverige.
-
Japansk papirkniv med blad av stål og skaft av tre.
-
Engelsk papirkniv frå rundt 1910 med forstørringsglas i eine enden.
-
Papirkniv av bakelitt.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «papirkniv» i Nynorskordboka.
- ↑ «Papirkniv» i Det Norske Akademis ordbok
- ↑ «A Paper Knife Was Not A Letter Opener», The Regency Redingote, 24. mai 2013
- Denne artikkelen bygger på «Paper knife» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2020.