Papagayovind
Utsjånad
Papagayovind er ein nordleg eller nordaustleg vind som i periodevis bles gjennom fjellpassa i fjella i Mellom-Amerika der ein finn Nicaraguasjøen. Vinden er kalla opp etter Papagayobukta ved stillehavskysten. Vinden er kraftigare enn passatvind som vanlegvis bles her. Vinden er kjend for å auke oppvellinga langs kysten av kjølig, næringsrik vatn. Vind og oppvelling i lag vert stundom kalla ei papagayo-hending.
Papagayo kjem av kjøligare, tørrare luft frå det nordamerikanske kontinentet. Slike hendingar er mest vanleg om vinteren, men kan òg skje til andre tider av året.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Papagayo wind» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- NASA - Papagayo Wind Arkivert 2009-06-14 ved Wayback Machine.