Paldiski
Paldiski | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Estland | ||||
Maakond | Harju maakond | ||||
Borgarmeister | Kaupo Kallas | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
60,17 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2004) - folketettleik |
4 224 70,2 /km² | ||||
Koordinatar | 59°21′0″N 24°03′0″E / 59.35000°N 24.05000°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC 2) EEST (UTC 3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.paldiski.ee |
Paldiski er ein hamneby ved Austersjøen i Estland. Han ligg på Pakrihalvøya nordvest i landet. Opphavleg var han ein svensk busetnad kalla Rågervik, og vart ein russisk marinebase på 1700-talet. Russarane kalla staden Балтийский Порт eller Baltijskij Port, som tyder «Austersjøhamna» i 1762, og den estiske uttalen Paldiski vart det offisielle namnet i 1933.
Sovjettida
[endre | endre wikiteksten]I 1962 vart Paldiski eit treningssenter for atomubåtar i den sovjetiske marinen. Med to landbaserte atomreaktorar og 16 000 tilsette, var han ein av dei største anlegga av sitt slag i Sovjetunionen. På grunn av dette var heile staden ein lukka by med piggtrådgjerde rundt fram til det siste russiske krigsskipet forlét hamna i august 1994. Russland gav frå seg kontrollen over anlegget i september 1995.
Nyare tid
[endre | endre wikiteksten]Etter Estland fekk sjølvstendet sitt, hadde ikkje byen nok estiske innbyggjarar, og Paldiski vart underlagt Keila fram til 30. oktober 1996. Han ligg 45 km vest for Tallinn og er i dag ein eigen kommune med fast ferjesamband til Kapellskär i Sverige (operert av Tallink). Tomme sovjetiske bustadblokker utgjer store delar av byen, og restane etter militærbasane finst over store område.
Anlegget i dag
[endre | endre wikiteksten]I dag har byen berre om lag 4000 innbyggjarar. Fram til nyleg var det berre eit lite hotell i byen, medan det no er to daglegvareforretningar, ei alkoholsjappe, ein bank og ei kro.
Paldiski er endestasjon på jernbanelinja Elektriraudtee, som går inn til hovudstaden.
Kjende folk frå Paldiski
[endre | endre wikiteksten]- Amandus Adamson (1855–1929), kunstnar
- Balder Tomasberg (1897–1919), kunstnar
- Viire Valdma (f. 1960), skodespelar ational hero
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Paldiski på Pakrihalvøya
-
St. Sergius ortodokse kyrkje
-
St. Nikolas lutheranske kyrkje
-
Tuulegata
-
Den nordlege hamna
-
Paldiski jernbanestasjon i 2011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Paldiski» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Google-kart over Paldiski
- Biletsoge
- Bilete frå Paldiski Arkivert 2007-09-02 ved Wayback Machine. av Hans Fredriksson.