Palagonitt
Palagonitt er ein brun til gul lavabergart og består hovudsakleg av omdanna vulkansk glas, og minnar om obsidian, men har ein basaltisk samansetnad. Han vert danna ved lavautstrøyming i vatn eller under is. Vatnet går raskt over i vassdamp ved kontakt med den varme lavaen, og dei små lava-brotstykka reagerer med dampen og danner dei lyse kjeglene av palagonitt-tuff som er vanleg i område der basaltiske utbrot kjem i kontakt med vatn. Eit døme finn ein i dei pyroklastiske kjeglene på Galapagosøyane. Charles Darwin kjente igjen opphavet til desse steinane då han vitja øyane. På Island finst òg palagonitt, spesielt der basaltisk lava har strøymd ut under isbrear og vatn.
Palagonitt har òg blitt påvist i regolitt på Mars. Den spektroskopiske signaturen til palagonittendringar på Mars er brukt som bevis på at det finst vatn på planeten.
Bergarten er kalla opp etter Palagonia på Sicilia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Palagonitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/palagonitt.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Palagonitt» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2013.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Volcan Darwin (en)
- J. R. Michalski*, M. D. Kraft, T. G. Sharp, and P. R. Christensen, Palagonite-like Alteration Products on the Earth and Mars I: Spectrocopy (0.4-25 microns) of Weathered Basalta and Silicate Alteration Products Lunar and Planetary Science XXXVI (2005) PDF (en)