POSIX
Utsjånad
POSIX | |||
Utviklar | Austin Group | ||
---|---|---|---|
Nyaste versjon | IEEE Std 1003.1-2008 | ||
Operativsystem | Operativsystemuavhengig | ||
Nettstad | https://pubs.opengroup.org/onlinepubs/9699919799/ |
Portable Operating System Interface (POSIX) er eit operativsystemuavhengig programmeringsgrensesnitt utvikla av IEEE og Open Group[1]. POSIX er standardisert av ISO/IEC/IEEE 9945[2]. POSIX er eit programkodelag mellom operativsystemet og brukarprogramma, som let brukarproggramma kalla opp POSIX-funksjonar, i staden for operativsystemspesifikke funksjonar. Dette gjer at eit brukarprogram kan nyttast på fleire ulike operativsystem, ved å rekompilera det. POSIX vart utvikla for UNIX, men finst òg for fleire andre operativsystem.
Versjonar
[endre | endre wikiteksten]POSIX-standarden har vore revidert og utvida fleire gongar:
- POSIX.1, Kjernetenester (inkludert ANSI C) (IEEE Std 1003.1-1988)
- oppretting og kontroll av prosessar
- interprosessignal
- handsaming av flytkommafeil (SIGFPE)
- handsaming av bussegmenteringsfeil
- handsaming av illegale instruksjonar
- handsaming av bussfeil
- teljeverkhandsaming
- fil- og kataloghandsaming
- røyr
- Standard C-bibliotek
- I/O og port-kontroll
- POSIX.1b, sanntidsutvidingar (IEEE Std 1003.1b-1993)
- prioritetsallokering
- sanntidssignal
- klokker og telleverk
- semaforar
- meldingar
- delt minne
- synkron og asynkron I/O
- minnelås
- POSIX.1c, utvida med trådar (IEEE Std 1003.1c-1995)
- Oppretting, kontroll og sletting av trådar
- trådallokering
- trådsynkronisering
- Progravaresignalhandsaming (UNIX-signal)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ The Single UNIX Specification, Version 3, The Open Group.
- ↑ The Austin Common Standards Revision Group, IEEE.