Përmet
Përmet | |||
---|---|---|---|
Gamal steinbru i Përmet | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Gjirokastër | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
602 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
10 614 | ||
Koordinatar | 40°14′0″N 20°21′0″E / 40.23333°N 20.35000°E | ||
Tidssone | CET (UTC 1) | ||
Diverse anna | |||
Plassering | |||
Përmet kommune innafor regionen Gjirokastër |
Përmet er ein by og ein kommune i regionen Gjirokastër i Albania. Kommunen ligg sør i landet og grensar i nord til regionen Berat, i aust til Korçë. I sør ligg nabolandet Hellas.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Përmet vart slått saman med landkommunane Çarçovë, Frashër, Petran og Qendër Piskovë.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Përmet.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 5 945 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Përmet, til saman hadde 10 614 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Përmet.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Përmet.[2]