Pål Tyldum
Pål Tyldum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mars 1942 (82 år) Høylandet kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Ski-VM 1970 |
Utmerkingar | Fearnleys olympiske ærespris, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten |
Pål Bjarne Tyldum (fødd 28. mars 1942) er ein norsk tidlegare langrennar frå Høylandet i Nord-Trøndelag.
Fremste prestasjonane
[endre | endre wikiteksten]Tyldum var lite påakta som langrennar før enn han i 1968 gjekk ei rekke gode renn. Han vart olympiameister på femmila i Sapporo under 1972, og var med på stafettlaget som tok gull i Grenoble under 1968. I tillegg vann han tre OL-sølv (eit av dei i stafett) og vart noregsmeister sju gonger. Han var særleg dyktig på dei lengre distansane, kjend for si evne til å disponere kreftene. Tyldum var norsk flaggberar i vinter-OL 1976 i Innsbruck. Han representerte i alle år Idrettslaget Hållingen frå Høylandet. For innsatsen sin under vinter-OL i 1972 vann han Fearnleys olympiske ærespris dette året.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
[endre | endre wikiteksten]- 1968: Vinnar av 15 km i Lahti. Andreplass både på 15 km og 50 km i Holmenkollrenna. Fjerdeplass på femmila under OL i Grenoble og sjuandeplass på 15 km. Han gjekk andre-etappen på stafettlaget som vann ein overlegen siger.
- 1969: Vinnar av femmila i Holmenkollen, nummer to på 15 km. Tredjeplass på tremila i Svenska skidspelen i Falun.
- 1970: Andreplass på femmila i Holmenkollen, og tredjeplass på femmila i Lahti. Nr fire på tremila, nr 5 på 15 km og nr 11 på femmila under VM i Štrbské pleso.
- 1971: Vinnar av femmila og andreplass på 15 km i Lahti.
- 1972: Gullmedalje på femmila under OL i Sapporo, sølvmedalje på tremila. Vinnar av 50-kilometeren i Holmenkollen. Han gjekk andre etappe for stafettlaget som fekk sølv etter å kjempa hardt med Sovjet.
- 1973: Andreplass på 15 km og tredjeplass på 50 km i Holmenkollen.
- 1974: Andreplass på femmila i Lahti. Nr 21 på tremila under verdsmeisterskapen i Falun.
- 1976: Nr 10 på 15 km i Holmenkollen.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 1967: Nr 6 på femmila på Skorovatn
- Ski-NM 1968: Gullmedalje på femmila på Hønefoss og sølv på 30 km i Bærum
- Ski-NM 1969: Gullmedalje 15 km og sølvmedalje på femmila i Alvdal
- Ski-NM 1970: Gullmedalje på femmila i Meldal, og sølv på tremila i Trondheim
- Ski-NM 1971: Gullmedalje på 15 km, sølv på femmila og bronse på tremila, alle renna på Fåberg
- Ski-NM 1972: Gullmedalje både på tremila og femmila i Tydal
- Ski-NM 1973: Gullmedalje på 15 km og sølvmedalje på femmila på Lillehammer
- Ski-NM 1974: Nr 5 på tremila i Selbu
- Ski-NM 1975: Nr 9 på femmila i Flatebygd
- Ski-NM 1976: Bronsemedalje på 15 km i Surnadal
Tyldum vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1970.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Einskildmenn
- Fødde i 1942
- Norske langrennsløparar
- Olympiske meistrar for Noreg
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg
- Verdsmeistrar i langrenn
- Noregsmeistrar i langrenn
- Vinnarar av Holmenkollmedaljen
- Vinnarar av Fearnleys olympiske ærespris
- Kongepokalvinnarar i skiidrett
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1968
- Norske deltakarar under vinter-OL 1968
- Langrennsløparar under vinter-OL 1968
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1972
- Norske deltakarar under vinter-OL 1972
- Langrennsløparar under vinter-OL 1972
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1976
- Norske deltakarar under vinter-OL 1976
- Langrennsløparar under vinter-OL 1976
- Folk frå Høylandet