Opiumsvalmue
Utsjånad
Opiumsvalmue | |
Opiumsvalmue | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Valmuefamilien Papaveraceae |
Underfamilie: | Papaveroideae |
Slekt: | Valmueslekta Papaver |
Art: | Opiumsvalmue P. somniferum |
Vitskapleg namn | |
Papaver somniferum |
Opiumsvalmue (Papaver somniferum) er ein art i valmueslekta.[1] Han er ein eittårig plante som kan bli opptil 1,5 m høg. Planten har blågrøne blad og ein stor blome som kan vera raud, blåfiolett eller andre fargar.[1]
Ein kan vinna ut opium frå mjølkesafta til den umogne kapselfrukta. Frøa frå den mogne kapselen blir nytta i matlaging som valmuefrø, eller til å laga valmueolje.[1]
Valmuen høyrer heime i middelhavslanda, men blir også dyrka ei rekkje andre stader.[1] Han er blitt observert veksande fleire stader i Noreg, men blir ikkje rekna for å ha ein reproduserande bestand i landet.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Opiumsvalmue». Store norske leksikon. 6. januar 2015. Henta 19. september 2018.
- ↑ «Opiumsvalmue Papaver somniferum L.». Artsdatabanken. Henta 8. februar 2019.