Ontario Lacus
Utsjånad
Ontario Lacus er ein innsjø på saturnmånen Titan. Væska i han er truleg sett saman av metan, etan og propan. Han er namnsett etter Ontariosjøen (engelsk Lake Ontario) i Nord-Amerika.
Eit elvedelta munnar ut i Ontario Lacus, det fyrste velutvikla dømet som er funne på Titan. I den nordre enden av innsjøen finn ein elvedalar som er fløymde over, og åsar som når ei høgd på éin kilometer.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen baserer seg i hovudsak på biletteksten til biletet PIA13172 hjå NASAS Photojournal.