Omaga
«Omaga» Song av Benny Cristo | ||
Land | Tsjekkia | |
Språk | Engelsk og tsjekkisk | |
Utgjeve | 17. februar 2021 | |
Sjanger | Indiepop, elektropop | |
Lengd | 02:59 | |
Selskap | Championship Music | |
Låtskrivar(ar) | Filip Vlček, Ben Cristóvão |
---|
«Omaga» (slang for 'Oh my God'[1][2]) er ein indiepopsong frå 2021 som vert framført av den tsjekkiske artisten Benny Cristo. Songen vart utgjeven 17. februar 2021 og var det tsjekkiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[3]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Omaga» er skriven av Cristo sjølv, saman med låtskrivaren og musikkprodusenten Filip Vlček. Songen er i ein litt annan stil og sjanger enn Cristo vanlegvis syng, noko Vlček kommenterer: «eg synest utfordringa har lukkast. Stilen passar han godt».[4] Songen har engelsk tekst, med eit par linjer på tsjekkisk.[2]
«Omaga» var det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2021, der han var den tredje låten ut på scena i den andre semifinalen i Rotterdam Ahoy torsdag 20. mai 2021.[4] Låten vart nummer 15 av 17 i semifinalen, og kvalifiserte ikkje seg til finalen.[5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ben Cristovao - Omgaga lyrics German translation» (på engelsk). Henta 17. februar 2021.
- ↑ 2,0 2,1 «Omaga! Czech Republic's Benny Cristo reveals Eurovision 2021 song — a play on "Oh My God!"» (på engelsk). 16. februar 2021. Henta 17. februar 2021.
- ↑ «Omaga - Single by Benny Cristo» (på engelsk). Henta 17. februar 2021.
- ↑ 4,0 4,1 «Benny Cristo unleashes ‘omaga’ for the Czech Republic» (på engelsk). 16. februar 2021. Henta 17. februar 2021.
- ↑ «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Omaga» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2021.