Oluf Rygh
Oluf Rygh | |||
| |||
Fødd | 5. september 1833 Verdal | ||
---|---|---|---|
Død | 19. august 1899 Nome kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | antropolog, arkeolog, forhistoriker, filolog, historikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Trondheim katedralskole | ||
Medlem | Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien |
Oluf Rygh (5. september 1833–19. august 1899) var ein norsk arkeolog og historikar. Han var professor i historie ved Universitetet i Oslo mellom 1866 og 1875, styrar av Oldsaksamlinga frå 1862 og professor i nordisk arkeologi frå 1875. Han var den første professor i arkeologi ved eit skandinavisk universitet. Han er kjend for utgravinga av Tuneskipet i 1867 og publikasjonane Norske Oldsager frå 1885.
I 1878 vart professorane Sophus Bugge, Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon for revisjon av namna i matrikkelen. På bakkgrunn av det innsamla materialet starta Oluf Rygh utgjevinga av storverket Norske Gaardnavne som kom ut med 18 band frå 1897 til 1919. Eit tilleggsband kom ut i 1924. I dette verket vert det gjeve historiske opplysningar om namna til alle matrikkelgardane i Noreg, og det er opplyst korleis namnet vart uttalt i folkeleg uttale.
Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh var
- Gamle Personnavne i norske Stedsnavne (utgjeve 1901)
- Norske Elvenavne (utgjeve ved broren Karl Ditlev Rygh 1904)
Publikasjoner
[endre | endre wikiteksten]- 1869 – Om den ældre Jernalder i Norge
- 1877 – Om den yngre Jernalder i Norge
- 1882 – Gamle bygdeborge i Norge
- 1885 – Norske Oldsaker
- 1897 – Norske Gaardnavne
- 1901 – Gamle Personnavne i norske Stedsnavne
- 1904 – Norske Elvenavne