Olof Rudbeck d.y.
Olof Rudbeck d.y. | |||
| |||
Fødd | 15. mars 1660 Uppsala | ||
---|---|---|---|
Død | 23. mars 1740 Uppsala | ||
Nasjonalitet | Sverige | ||
Område | medisin | ||
Yrke | oppdagar, naturvitar, botanikar, universitetslærar, ornitolog, lege, kunstmålar | ||
Institusjonar | Uppsala universitet | ||
Alma mater | Uppsala universitet Universitetet i Utrecht | ||
Ektefelle | Anna Katarina Schönström | ||
Barn | Christina Charlotta Rudbeck, Olof Rudbeck, Anna Maria Rudbeck, Adolf Rudbeck, Olof Rudbeck |
Olof Rudbeck d.y. (1660–1740) var ein svensk naturhistorikar og språkforskar, professor i medisin ved Uppsala universitet i 1691. Han var son til Olof Rudbeck d.e. og innehavar av setesgarden Kydingeholm i Alunda (Uppsala).
Rudbeck var ein pioner innan ornitologien og han heldt dei første ornitologiske førelesingane i Sverige 1727–1731. Desse førelesingane heldt han med utgangspunkt i naturtru plansjar som han sjølv hadde skrive om Sveriges fuglar. Rudbecks byrja arbeidet sitt med plansjane alt i 1693, men dei vart ikkje utgjevne i bokform før dei kom som faksimileutgåve i 1985.
Då Carl von Linné hausten 1720 byrja medisinstudia ved Uppsala universitet, føreleste medisinprofessor Olof Rudbeck den yngre til handmåla plansjar med Aves Suecanas (svenske fuglar). Plansjane vart måla etter nyskotne fuglar, så kort etter dauden at fjørdrakta enno skein. Linné omtalte bileta som så vakre «att det synes ej wara menskligt werk». Fuglane var naturtru i sine glansande farger til skilnad frå den sjablongarta framstillinga i dei eldre utanlandske fuglebøkene. Fogelboken med sine naturtru bilete er kalla Sveriges første moderne fuglebok — sjølv om ho ikkje vart utgjeven i bokform før i vår tid.
Rudbeck er representert i dei svenske salmebøkene med originalteksten till minst to salmar, «En Fader heter du» (vers 3 og 2 av den opphavlege teksten «Ack, huru plågas jag») og «O store Allmakts-Gud».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Vår Fågelvärld 1/2007 Om m.a. Linné og Rudbeck
- Denne artikkelen bygger på «Olof Rudbeck den yngre» frå Wikipedia på svensk, den 23. mai 2007.