Olga Kutsjerenko
Utsjånad
Olga Sergejevna Kutsjerenko (fødd 5. november 1985) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Volgograd. Ho tok i 2011 VM-sølv i lengdehopp, ein medalje ho vart frådømd i 2017.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Kutsjerenko hoppa seg inn i verdseliten i øvinga i 2009-sesongen då ho som best landa på 6,91 m. 27. mai 2010 presterte ho sitt livs lengste hopp, under særs gunstige tilhøve i Sotsji vart ho målt til 7,13 meter. Vel to månader seinare vann ho bronsen ved europameisterskapen i Barcelona.
Doping
[endre | endre wikiteksten]I 2011 kneip Kutsjerenko sølvmedaljen med eit hopp på 6,77 m då friidretts-VM ved fann stad i Daegu. Fem år seinare viste ein retest av dopingprøva hennar spor etter ulovlege midlar. I 2017 vart ho frådømd medalja.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 6,77 m
- EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje – 6,84 m
- VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje – 6,77 m. Annullert i 2017
- VM 2013 i Moskva: Nr 5 – 6,81 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olga Kucherenko» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2020.