Olea Crøger
Olea Crøger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. juli 1801 Heddal kommune |
Død |
21. november 1855 (54 år) |
Yrke | musikkforskar |
Far | Johannes Crøger |
Olea Crøger (27. april 1801–21. november 1855) var kanskje den første store folkevise- og folkeminnesamlaren i Noreg, sjølv om ho har komme i skuggen av Ludvig Mathias Lindeman og Magnus Brostrup Landstad som publiserte mykje av materialet hennar.
Olea Crøger var frå Heddal i Telemark, dotter av Helle Margrethe Neumann og soknepresten Johannes Crøger.
Livsverket
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om det var Olea Crøger som samla mange av folkevisene i Norske Folkeviser som Landstad gav ut i 1853, er ho berre så vidt nemnd i forordet. Sameleis leverte ho meir melodimateriale til Lindemans Norske fjeldmelodier enn nokon annan. Mellom dei melodiane/visene ho skreiv opp, finn vi nokre av dei mest kjende balladane: «Liti Kjersti og Bergekongen», «Falkvor Lomannsson» og «Åsmund Frægdegjeva». Crøger skreiv ned tonane ved hjelp av siffernoteskrift utvikla for salmodikonspel.
I 1839 flytta Olea med dei to systrene sine til Seljord, og her kjøpte dei den tidlegare lensmannsgarden Hegnin, som dei dreiv i lag. Olea underviste i tillegg i song på Kviteseid Seminar. I Seljord kom ho i kontakt med presten M.B. Landstad. Dei to kom til å samarbeide om å redde mykje av det som var att i munnleg tradisjon av folkedikting i Vest-Telemark. Ho starta arbeidet før både Jørgen Moe, L.M. Lindeman og M.B. Landstad, og ho møtte mykje motgang.
I seinare år har det viktige innsamlingsarbeidet til Olea Crøger blitt meir verdsett enn før.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]Livet hennar Olea Crøger dannar bakgrunnen for nokre av romanane til Gudrun Brauti Knutslid og Ingebjørg Mælandsmo. Edvard Hoem har òg skrive eit stykke til 200-årsdagen for Magnus Brostrup Landstads fødsel; som ei hyllest til Magnus Brostrup Landstad og Olea Crøger.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Profilar i norsk folkemusikk og folkedans
- Tilsvarande artikkel på bokmålswikipediaen, som oppgjev til hovudkjelde Wagn,Anne Haugen: Olea Crøger - ein underkjent pioner (2007) (Hjartdal historielag) Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- NBL-artikkel om Crøger, skriven av Sigurd Aa. Aarnes.