Oldtidsbyen Mari
Mari تل حريري, Tell Hariri | |||
by | |||
Ziggurat i Mari
| |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Region | Mesopotamia | ||
Fylke | Deir ez-Zor guvernement | ||
Distrikt | Abu Kamal | ||
Koordinatar | 34°32′58″N 40°53′24″E / 34.54944°N 40.89500°E | ||
Oldtidsbyen Mari 34°32′58″N 40°53′24″E / 34.549444444444°N 40.89°E | |||
Wikimedia Commons: Mari |
Mari var ein viktig oldtidsby i Mesopotamia. Han låg på vestbreidden av Eufrat søraust i noverande Syria, ikkje langt frå Irak. Staden der byen låg er i dag kjend som Tel el Hariri eller Tell Hariri.[1]
Historia til byen kan førast tilbake til 2000-talet f.Kr. Han blømde på 1000-talet f.Kr. under amorittisk styre. Rundt 1759 f.Kr. blei byen erobra og øyddelagd undeer babylonarkongen Hammurabi.[1]
Byen blei gjenoppdaga av arkeologar i 1933. Utgravingar har avdekka over 25 000 leirtavler med akkadisk kileskrift.[2] Dei var del av eit kongeleg arkiv, og gjev informasjon om samfunn, folk og skikkar i samtida.[3]
På grunn av den syriske borgarkrigen blei utgravingane stoppa og væpna grupper tok over staden. Ein offisiell rapport fortalde at tjuvar særleg robba «det kongelege slottet, det offentlege badet, Ishtar-tempelet og Dagan-tempelet».[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Kapelrud, Arvid S. (16. februar 2016), «Mari», Store norske leksikon
- ↑ William Henry (2006). Mary Magdalene: The Illuminator. s. 110.
- ↑ LaMoine F. DeVries (2006). Cities of the Biblical World: An Introduction to the Archaeology, Geography, and History of Biblical Sites. s. 27.
- ↑ «The destruction of the idols: Syria’s patrimony at risk from extremists». The Independent. 2014. Henta 7 December 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Mari (oldtidsby)» frå Wikipedia på bokmål, og «Mari, Syria» frå Wikipedia på engelsk den 6. mars 2016.