Olav Versto
Olav Versto | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 31. juli 1950 Tinn kommune |
Død |
7. juli 2011 (60 år) |
Yrke | journalist, politisk redaktør, radioprogramleiar |
Far | Aslak Versto |
Ektefelle | Kari Storsletten |
Olav Versto (31. juli 1950–7. juli 2011) var ein norsk journalist som var tilsett i VG i ei årrekkje. I perioden 1994–2008 var han politisk redaktør i avisa.
Versto var fødd i Tinn i Telemark. Han tok graden cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1976, og byrja året etter å arbeida for NRK. Versto var i mange år kjent som programleiar og reporter i NRK Radio, der han i 1980-åra leidde fleire debattar mellom dei to viktigast politikaranæ i Noreg på den tida, Kåre Willoch og Gro Harlem Brundtland. Han kom til VG som redaksjonssekretær i 1987 og vart politisk redaktør for avisa i 1994. 31. desember 2008 forlét han stillinga, og vart etterfølgd av Hanne Skartveit.[1] Frå 2009 og fram til han døydde var Versto redaktør i kommentaravdelinga. Olav Versto døydde 7. juli 2011 i ei båtulukke i Farsund.[2]
Personlege tilhøve
[endre | endre wikiteksten]Olav Versto stamma frå Vinje i Telemark, og var barnebarn av Olav Aslakson Versto og son av Aslak Versto, som begge var politikarar.[3] Han var bror av journalisten Astrid Versto og forfattaren Stein Versto.[4][5] Han var gift med journalist Kari Storsletten i Aftenposten. Hausten 2007 vart paret sett opp på ei liste over dei mektigaste para i Media-Noreg av NA24.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Versto går av». Kampanje. 16. september 2008. Henta 17. desember 2008.
- ↑ «Olav Versto omkom i ulykke». VG. 8. juli 2011. Henta 8. juli 2011.
- ↑ Edland, Åsulv: Olav Versto (1950 -2011). Dag og Tid, 14. juli 2011
- ↑ – Raus og snill. Varden, 11. november 2017
- ↑ Kranglet for åpent kamera. Dagbladet, 19. mars 1999.
- ↑ «Disse parene har størst makt». TV 2 Nettavisen. 19. september 2007. Henta 17. desember 2008.
- Denne artikkelen bygger på «Olav Versto» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2019.